Den fjerde

Bjerkreimselva, 11. juli 2006 klokka cirka ni om kvelden. Eller halv ti. Kven bryr seg?


Den fjerde. Teken på same stad som den tredje. Det var heilt sjukt. Lakse-mentor Kristian stod med meg og såg på. Det skjer jo aldri. Han fiskar stort sett sjølv. Men denne kvelden var han der, på sida mi. Han var der då ein laks beit på, og han var der då eg mista han etter kort tid. Han var der då ein ny laks beit på like etter, og han var der for å hjelpa meg med å få beistet på land. Å dette var ein gild laks. 6,2 kilo. Det veit eg fordi eg blogga om han i sommaren 2006-oppsummeringa mi.

Eg hugsar ikkje mykje rundt fisketuren ellers. Men det var medan vogna vår var på Vinningland. Nabo Leif er linselus i mørket bak meg. Ein svært triveleg danske som var flink å fiska og flink å arrangera grillfestar for andre fiskarar. Som ein kan sjå på stativet bak meg var dette ein god kveld i Bjerkreimselva. Eg nøgde meg imidlertid, som vanleg, med ein.

Den tredje

Bjerkreimselva, 10. september 2005 cirka klokka 0900


Her har eg gått rundt og trudd ein del ting om denne laksen. Eg har trudd det var min andre, eg har trudd eg fekk han eit anna år, og har trudd at han var større. Eit monster. Men han kan då ikkje vera over seks kilo eller kanskje seks og eit halvt? Eg har trudd eg har landa laks på over sju. Men det har eg ikkje. Ikkje tale om. Dessutan har eg trudd at dette blidet var borte for godt. Men trur du ikkje eg fann mappa i ei anna mappe? Grunnen til at eg visste at eg hadde fått han i 2005 var at me reiste ned til Egersund for å sjå Viking-Rosenborg på Corner Pub. For ein plass. Eg hugsar at ein kar hadde fått altfor mykje innabords og deisa i golvet frå ein høg stol då Viking scora eit av dei siste måla, og me måtte forklara gjesten vår frå Sør-Afrika at slikt ikkje var heilt vanleg. For me hadde gjest med oss. Ein kar Kjetil kjende. Han var indremedisiner, og beklaga seg sterkt over at eg valde å eta komle på ferja over Boknafjorden. Me kom ikkje til å få leva lenge i landet, meinte han, om me åt komle og bacon. Han har nok eit poeng – men kven vil vel leva lenge i landet utan komle? Og utan bacon?

Nei det var ei gild helg. Ei strålande helg, var det. Tidleg september. Tidleg laurdag. Me tok oss ut, og delte oss i tre. Eg gjekk øverst, Kjetil og David – var det ikkje det han heitte mon tru – nedforbi. Kvar det var i elva, kan eg ikkje sei. Det er nemleg slik med oss laksefiskarar, at me er nokre løgnaktige svin. Dei to første fekk eg på plasser der alle fiskar. Den tredje på ein plass der ikkje mange fiskar. Derfor er det heilt uaktuelt å fortelja om kvar det var. Eg innser at svært få av dei som les bloggen min blir konkurrentar i Bjerkreim, men ein laksefiskar sin logikk seier at ein aldri veit kvar informasjonen ein gir frå seg havnar. Og at det kan henda at dersom ein røper ein god fiskeplass til ein totalt fiskeuinteressert person, kan denne informasjonen havna hjå nokre som står der og opptek plassen neste gong ein er ute på fisketur. Og lite er verre enn ein annan fiskar på gromplassen. Alle andre fiskarar er i utgongspunktet toskar og idiotar.

Eg fekk laksen på då eg skulle til å byrja å trekka inn flåga. Eg meiner bestemt at alle dei tre første laksane mine tok då eg byrja å trekka inn flåga. Det er rart korleis eg kan hugsa det så sikkert, men slik er det. Eg kjende at dette var noko anna enn det eg hadde vore borti før. Det var svintungt, og ikkje ville laksen inn til land. Langt ned i hølen drog han avgarde. Etter det som føltes som eit par timar, men som nok var nærmare eit kvarter, tjue minutt, fekk eg sjå han første gong. Det var mykje trær og steinar og vatn over alt, men då laksen byrja å bli trøytt og leggja seg over på sida fekk eg lirka han inn på ei grunne og slept han i land etter halen. Å du store allverda så glad eg var. Eg låg og skalv av lykke på kne, medan blodet rant frå laksen. Stakkar laks. Heldige meg. I triumf gjekk eg ned til dei andre. Laksen vart løfta over hovudet, og Kjettaen fekk seg litt av ei overrasking. Sør-Afrikanaren kalle meg berre «The Master Fisherman» resten av helga.

Han skulle berre visst at eg hadde min første tur i Bjerkreimselva i 1996, og at den første laksen altså låg på land i 2005.

Den andre

Bjerkreimselva, 26. august 2005 cirka klokka åtte om kvelden

Nøgd fiskar med eit litt anstrengt smil. I motsetning til bildet av den første laksen min, som eg for alltid kjem til å irritera meg over at er dårleg, kjem dette inn under kategorien akseptabelt laksebilde. Dersom me ser vekk frå ansiktsuttrykket mitt, då.

Dei sa det jo. Kjetil og dei. Dei sa at når den første laksen først var på land, så var det berre eit spørsmål om kort tid før den neste kom. Eg hugsar at eg kjørte ned frå Lundeneset og stod i ein frustrerande kø på motorvegen. Eg kom til Vinningland og rigga i rekordfart. Rykta sveiv om at det var Texas i elva og at kvotar vart fylte. Eg stakk opp til Apelandshølen. Eg klarar ikkje å hugsa om det var mykje eller lite vatn – og det irriterer meg litt. Eg hugsar og ein forferdeleg enerverande sørlending som ikkje lenge i førevegen hadde belært meg om laksefisket sine løyndomar. Problemet mitt er at eg ikkje kan mislika han 100% – slik besserwissarar fortener. Han lærte meg nemleg noko som eg har hatt nytte av seinare. Nemleg mending. Det går ut på å tilpassa farten flåga har i vatnet. Og denne seine augustkvelden må eg ha menda ganske bra. For eg fekk denne, og mista ein til.

At eg mista den andre, plagar meg den dag i dag. Eg har ennå ikkje kome frå ein fisketur med meir enn ein laks. Og det er skikkeleg irriterande. Det høyrer med til historia at Leffy fekk  kvoten denne kvelden. Eg veddar på at han ikkje klarar å skilja denne kvotefyllingskvelden frå nokre av dei andre han har hatt.

Det er signinga med å ikkje få så mange. Ein hugsar og set pris på kvar minste sild ein dreg opp.

Navlebeskuande oppsummering

Eg har vore på laksefiske i helga. Den siste laksehelga har dei siste åra vore forbunden med både opp- og nedturar. I år vart det helst berre opp, om ein ikkje tek med Viking-kampen. Og det gjer me vel ikkje? Nei. Det gjer me ikkje.

Eg fekk laks i helga. Det er ikkje noko som skjer for ofte, men i år var det tredje gongen. Difor er det på tide å gjera det eg no skal gjera, før eg byrjar å gløyma. Planen nå er å ta ein systematisk gjennomgang av alle laksar eg nokon gong har fått. Allerede her er det nok mange som ikkje orkar å lesa  lenger, men då er det viktig at du kjem i hug kvifor eg har denne bloggen: Den er for min eigen del. Ikkje din. At du les er kjekt, det er ikkje det. Men eg hadde nok hatt blogg sjølv om ikkje ei einaste sjel vitja han. Og dei som tenkte for seg sjølv at å gå gjennom alle laksane eg nokon gong har fått skal vera svinte gjort, kan berre klabba igjen. Høyrer du, onkel Ingvar? Dessutan skal eg ikkje ta alle på ein gong. Det får vera måte på.

Me byrjar med den første.

Nummer ein, Bjerkreimselva, 12. august 2005 klokka 0630


Eg hugsar det meste. Eg sto opp tidleg, tidleg. Eg gjekk ned til Skiftet, rett nedforbi campingvogna vår. Eg var framleis bitter og sur fordi eg hadde mista laks i Tana i det eg skulle landa han. To år tidlegare. Gru og smerte. Men det var lenge sidan, og eg hadde blod på tann. Blod på tann, sjølv om eg innerst inne aldri kunne tenkja meg at eg nokon gong kom til å få laks på flåge. Men så, heilt plutseleg, hogg det til. Eller hogg og hogg. Det var ikkje akkurat eit beist som beit. Å som eg skalv. Heile meg rista. Føtene gjekk som trommestikker. Eg sleit med å koma meg til land. Men til land kom eg. Laksen blei berga i land i ein bekk, og eg meiner bestemt at det var Kjetil som var med på landinga. Sjølv nektar han, og påstår at det var Leffy. Sikkert er det uansett at eg ringde heim og fortalde om storhendinga, som om det var eit barn som var kome til verda. All denne gleda for ei lita svidde. Men det er nå ein gong slik at den intense kjensla av lykke eg hadde då eg bar 1,2 kilo Bjerkreimsvidde opp til campingvogna ikkje kan liknast med så mykje eg har opplevd sidan.

Vel, utanom alle dei andre laksane då. Og no kjem det ein ny laksehistorie kvar dag framover. Er planen.

Haustslepp

Eg har jaga kalvar i dag. Med mor, Dorrit og Oddvar. Frå tredje neset til Krossnes. Alt gjekk bra, heilt til me kom til slutten av første neset. Då skar eit par kalvar ut, og Dorrit og Oddvar, som haldt teten, mista kontroll. Ja, Oddvar. De mista kontroll. Eg veit at du prøver å legga skulda for dette på Dorrit, sekundært meg, og tærtiært mor, fordi me ikkje fulgte med, men faktum er at du og Dorrit var nærmast då det skjedde. Kalvane skar ut. Og du og Dorrit var nærmast.

Frykta for at dei skulle gå over til Trond var det verste for meg.

Hadde dei gått over til Trond, hadde me hatt eit hendelse med kalvejaging i timesvis. Det har aldri skjedd meg at kalvarne har gått over til Trond. Det hadde vore typisk om det skjedde i kveld, når bonden sjølv ikkje var med.

Det heile er under kontroll. Dorrit (iført mi bukse for høvet) og Oddvar styrer kalvane mot Krossnes. Leif Endre  er litt for seint ute tpå sin ATV til å få med seg dramaet eit par minutt tidlegare.

Vel, det vart ikkje så dramatisk. Oddvar og Dorrit fekk geleida kalvane opp, dei gjekk heilt fint inn i jernleet, og då hadde me dei. For dei av mine lesarar som ikkje er kjende med geografien: Når du jagar dyr heim frå neset, er det alfa og omega å få dei gjennom jernleet. Då er dei heime. Og når kalvane var komne gjennom, var det berre eit spørsmål om tid før me hadde fått flytta dei dit dei skulle.

Me hadde fullført oppdraget.

Fullført oppdraget såpass bra at eg lot resten av familien ta kalvane dei siste par hundre metera utan mi hjelp. Eg stakk heim for å klippa hekken for siste gong i år. Og for å rydda vekk Oddvar sitt fantastiske kanalsystem som redda huset mitt for å bli tatt av flaum for eit par veker sidan.

Vel vel.

Det er haust.

Det er på tide å få gang på bloggen att. Nok ein sommarferie er over. Og det på den første kvelden i 2010 der eg har vore ute heile kvelden og ikkje fått frost i meg. Ein flott kveld på Judaberg med Trygve og Gisle. No kan hausten byrja. Sjølv om eg mislikar han sterkt, har han nok eit par gode ting å by på.

Ei liste

For nokre år sidan var lister hot stuff. No kjem eg etter, med ei liste.

Lista er over matvarer eg ikkje kjem til å slutta å eta, uansett kor mange ulike kosthaldsekspertar som seier at dei gjer livet ditt dårlegare enn det allereie er.

1. Poteter
2. Brød
3. Kvit fisk
4. Indrefilet av ulike typar dyr
5. Mjølk
6. Mormor si sjokoladekake
7. Gongkaker
8. Komler
9. Pinnekjøt
10. Kinderegg

Kaka

Eg er totalt kaka, og dette er grunnen: For tredje år på rad gjekk eg til Preikestolen. Ein heil gjeng frå Lundeneset tok turen. Gildt!


Makne og Maria på myra.


Rette etter denne plankekjøringa kjem det ei svær ur.


Når ein kjem opp ura, er ein sliten og trøytt.


Oppe! Galningane på kanten er mine folk. Eg skjelte dei sjølvsagt ut, alle som ein.


Andre tur på ei veke med LIvi – Paris sist veke, Preikestolen nå. Kvar skal me hen neste helg, spør bare eg.


Det som er facinerande med å koma opp på Preikestolen, er at alt er klinisk likt som før. Alt anna forandrar seg. Ikkje Preikestolen. Her ser det likt ut som det har gjort dei siste 10 000 åra eller noko.


Det drikkes.


Dette lille lyset mitt, det skal skinne klart.


Kule damer.


Maria var på Preikestolen for første gong, og sa seg nøgd.


Makne og Maria. Flotte mennesker.


Maknoen hadde ei eiga evne til å finna gode sitje-steinar.

No er eg svært trøytt. Og har vondt over alt.

Bak gardina

Eg sit på eit fly att. Det er ei stund sidan nå, det må ha vore i februar eller kanskje til og med januar sist det skjedde. Eg hugsar eg tenkte at eg ikkje hadde planlagt ny tur då eg kom heim frå Afrika. Men det hadde eg jo. Lundenes-personalet er no på veg til Paris. KLM sette nett ny rekord i laber fly-mat då dei ga meg ein tørr sjokoladekjeks til frukost. Det har vore nedtur på matfronten heile dagen, omeletten på ferja var tørr og oversteikt. Eg mistenker at han låg frå i går. Flydamene har teke oppstilling rett framforbi meg, og driv og dunkar borti meg ustanseleg. Men eg er i godt humør. Slumsete flydamer skal ikkje få øydeleggja dagen. Berre ho gir meg cola, er det greit.

 

Det denne bloggen skal dreia seg om, er derimot det som skjer lenger framme.

 

Det er eigentleg noko eg har lurt på lenge. Nemleg kva som skjer bak gardina.

 

Desse KLM-flya har, som dei fleste andre utanlandsfly, ei avdeling heilt framme. Den er reservert for dei som vil betala meir for billettane enn oss her bak. Takk til dei, dei er med og subsidierer billege billettar til oss andre. Idiotane. Dei kjem seg ikkje anna enn frå A til B dei heller.

 

Men kva skjer der framme? Kvifor finn flydamene og ?mennene det naudsynt å dra føre ei gardin så snart skiltet med fest setebeltet er sløkt? Kler dei seg nakne der inne? Kva skjer? Eg ser føre meg forventninga til førsteklassepassasjerane. Skal flydama snart trekka føre gardina, slik at fillene kan fyka? Kanskje det eigentleg er ein naturistavdeling? Er det difor denne gardina er så viktig å dra føre?

 

Arne setenabo meiner at det er fordi dei serverer så god mat der inne at dei ikkje vil gjera oss andre avundsjuke. Eg har ikkje særleg tru på at det går an å gjera meg avundsjuk på flymat. Når me får tørr kjeks, skal det ikkje så veldig mykje til å gå opp i standard. Eg tippar dei i høgda får eit frukostbrød med ost og skinke der inne. Eg ser no ein flymann gå rundt med ei lita korg, og det kan sjå ut som om det er rundstykker i den korga.

 

Signe dei, med rundstykka sine.

Tilbakeblikk

Det siste døgeret har eg tenkt mykje på Afrika. Venene mine der har vore gjennom eit hendelse med ei bilulykke som involverte fleire dei kjenner, og dei måtte i all hast organisere ein innsamlingsaksjon for å redde liv og helse til ein rektor på ein av bibelskulane NLM er engasjerte i. Flotte folk, desse Indrebøane.

Då eg var i Tanzania i juleferien, var eg som eg har blogga om tidlegare på motorsykkeltur. På denne turen datt eg. Eg datt medan eg sto så godt som stille. Knut knipsa eit bar bilder på den turen som eg no har knabba frå bloggen hans – http://www.arushanytt.blogspot.com. Ein gild blogg. Så får me sjå om han blir sur.

Bilde 1: Smertens mann.
Naturen er vakker.Været er godt. Eg er i Afrika. Men kva betyr vel det, når høgre skulder er vond? Så vond, så vond. Framleis kan eg kjenna smertene, dersom eg legg armen under hovudet og bøyer meg i ein spesiell stilling. Dei av lesarane mine som kjenner meg godt, vil truleg le seg halvt ihjel av dette bildet. Dei som ikkje kjenner meg så godt, bør likevel setje pris på kontrasten mellom den vakre utsikta og den botnlause fortvilinga som kroppspråket mitt uttrykkjer.

BIlde 2: Nærkontakt med kontinentet

Her har eg lagt meg ned for godt. Eg låg så herleg på den afrikanske jorda. Smertene forsvant. Eg kjende eg gjekk i eitt med naturen. Dei andre trudde ikkje eg hadde planar om å koma meg på beina igjen. Eg var så ferdig, så ferdig. Likevel visste eg at dette var det lengste me kom til å vera heimanfrå på motorsykkelturen. Dei andre diskuterte om dei skulle køyra vidare for å sjå sebra og gnu, eg visste at det var herleg uaktuelt. Eg skulle kjenne på kontinentet. Så skulle eg heim og dusja. Og pussa tennene.

Å Afrika. Eg må tilbake. Om ikkje lenge.

Eg og Einar

Komle og melk. Ferje til Halhjem. Einar Baardsen et rundstykke med Norvegia og drikk kaffi på bordet rett overfor meg. Han les i Dagens Næringsliv. Eg har sympati med Einar Baardsen. Han har gjort feil eg kunne gjort sjølv. Forskjellen er at han skulle styra pengane til ein mann som tente meir på ei veke enn andre tener på eit år.  Hadde eg vore fotballagenten til John Arne Riise, hadde nok det same skjedd. Eg hadde ikkje klart å føra rekneskap, teke ting på sikt, tenkt at alt ordnar seg jo. Kvitteringar og bankutskriftar hadde havna i ein svær, uregjerleg haug. Til slutt hadde eg ikkje visst kvar haugen var, og skandalen hadde vore eit faktum. Så hadde eg prøvd å ro meg unna med at eg diverre var komen i skade for å gi posen over til gjenvinning, og at pengane, nei dei hadde eg nok ikkje heilt kontrollen på. Eller gitt Margrete Stang ansvaret for å ordna opp, slik eg gjorde då eg slutta som kasserar i Ungdomslaget då eg flytta til London. Eg har aldri blitt saksøkt av verken Margrete eller Ungdomslaget, så det må ha gått over i likaste laget. Av ein eller annan grunn. Etter den erfaringa har eg styrt unna alt som har med rekneskap og økonomistyring å gjera. Det går berre ikkje. Livet er for kort til å forstå tal.

 

Det er slike ting me har Finnøy Økonomi til. Dersom Finnøy Økonomi hadde styrt pengane til John Arne Riise, hadde Einar Baardsen sluppe alt dette kavet. Han hadde sluppe å hatt Berit Riise etter seg, han kunne kanskje unna seg ein rekebaguett i staden for Norvegiarundstykke. Han hadde sluppe å blitt blogga om av ein tilfeldig ferjepassasjer som måtte ha tidsfordriv fordi ferjenettet ikkje verka.

 

Ferjeturen frå Sandvikvåg til Halhjem er ikkje det han var. No er me framme, ein dryg halvtime etter at me var på Stord. Eg har så vidt fått slukt i meg komla, samt irritert meg over at dei ikkje hadde klart å smøra smørkrem heilt ut i kantane på svela.

 

Kvifor er det slik at svelene på ferjene ikkje blir skikkeleg gode før ein kjem nord for Bergen? Dette er berre ein av mange ting eg lurar på.

 

Og eg nektar å reisa meg og gå før Einar Baardsen gjer det. Han sit der enno. Mannen er ein bauta. Nei. Der gjekk han. Då gjer eg det same.