Eg har vore på fleire turar i det siste. Tunge turar, lette turar, turar som blei betre enn eg trudde, turar som var viktige. Her er litt bilder og tankar frå to veldig kjekke turar eg har hatt i det siste. Ein i Etnefjella, og ein i London.
Etnefjella – ein laurdag i oktober
Å vera tilsyn på Lundeneset er ofte ganske så triveleg. Ein laurdag laga me til fisketur til Etnefjella – og Jon Erik, Norene og Karoline silte opp for å vera med. Det skulle visa seg at eg var den einaste av oss som faktisk fiska på denne turen, men Karoline fann i det minste eit lite insekt med tjukk, svart pels som blei inngåande fotografert og studert. Det er nok kanskje det raraste insektet eg har sett.
Ein tur utan bål er ingen skikkeleg tur. Me hadde i tillegg med oss grautgryte og tresleiv. På vegen oppover samla me med oss tørre røtter og slikt, og fekk til eit rektig så dugeleg bål. Graut i solsteiken ein sein oktoberdag er til å anbefala.

Etter å ha ete graut, var det tid for å fiska. Eg tok med stanga til andre sida av vatnet, og rekna med at ungdommen snart kom etter. Då eg hadde vore vekke halvannan time, men ikkje sett noko til dei, rekna eg med at dei fiska ein annan stad. Sjokket var difor stort då eg returnerte til bålplassen, og fann ut at gjengen i staden for å fiska, hadde teikna kvarandre i fjeset med sotete pinnar, for så å stikka desse pinnane i håret. Eg kritiserte sjølvsagt dette tiltaket, for så å uttrykka eit inderleg håp om at me ikkje kom til å treffa på folk nedetter vegen. Noko me sjølvsagt gjorde. Dei fekk seg ein god latter. Men for ein tur det var! Ein strålande dag, og eg blei solbrent på skallen. I oktober. Det seier sitt, både om været den dagen og kor sensitiv hud eg har.
London – helg
London-tur er godt for kropp og sjel. Søster Dorrit og assosiert medlem av familen Erik, er gode vener. Dorrit bur i London, og var med oss kvar dag. Flott dame, flott mann. Me var fem stykk som reiste, forutan Erik var det Kjetil B, Leif Jakob og nabo Sveinung. Ein nykomponert gjeng i London-samanheng, og me hadde det skrekkeleg triveleg.
Svoger Even og Dorrit var med på Tottenhamkamp. Even fann ut at pølsene på White Hart Lane er ganske gode – og ein halvmeter lange. For tida er pølsene betre enn fotballspelet når det gjeld Tottenham. Eg gjekk frå kampen i sinne, med søster og svoger gåande ti meter bak meg. Dei lot som om dei ikkje kjende meg. Litt som meg då eg gjekk gjekk ti meter bak dei ansiktsmala folka i Etnefjella veka før…
Kjetil gjer eit heller mislykka forsøk på å skremma ein diger hest like ved Speaker's Corner. Denne dagen enda me opp på Evensong med Gordon Brown. Men me har i etterkant funne ut at det berre var me som tykte det var noko særleg kult. Folk let seg ikkje lett imponera lenger.
Det var to turar – og no har eg ikkje planlagt noko særleg til sprell før det blir ein månad i Tanzania i desember/januar. Tanken på den turen gjer at eg klarar meg gjennom den største drittmånaden i året relativt greit, trur eg. November, altså. For eit skrekkeleg konsept.