Det er seint på kvelden. Eg er åleine i huset.
Det er seint på kvelden. Eg er åleine i huset.
Kåre er åleine.
Kåre er åleine.
Han var på Grosvold i kveld, Lars. Det var han som skreiv om hjernen som er åleine. Men det er Seigmen som har den beste versjonen. Og så kom eg på at denne songen passa godt på meg i kveld. For eg er åleine i huset. For første gong i år omtrent. Tore har reist tilbake til Bergen. Tilbake har eg litt brokkoli, ei nesten oppspist ostekake og fem bæreposar med søppel. Takk, Tore. Det var gildt så lenge det varte.
Så no er eg åleine.
Lurer på kva alle dei andre gjer?
Eg veit at Oddvar, Kjetil og Kjell Morten er på weekend. På Stavtjørn. Eg var på min første Stavtjørnweekend før flesteparten av dei folka eg omgås med i det daglege var fødde. 1988. Du verda eg hugsar det som om det var i går. Ei ny verd åpna seg. Eg fekk vera på tur med dei tøffe. Dei som betydde noko. Eg fekk gå i tunellen og halda jenter i handa. Trur eg. For det var jo så mørkt der inne at me såg lite.
Eg veit at Erik sit på nett og har lite å ta seg til han og. For me snakkar på msn nå. Han er mest truleg åleine han og, om enn ikkje i huset. Erik har leilighet.
Lars er ikkje åleine. Han er heime med to ungar som kan byrja skrika kva tid som helst. Dette veit eg, for eg var hjå han ein time før i kveld. Og eg har ikkje sett at kona hans har kome heim. Lars og Anita er naboane mine. Eg ser rett inn på kjøkkenet deira. Dei ser rett inn i stova mi. Det går heilt greit. Me oppfører oss.
Mor og far er heime. Det ville overraska meg om dei ikkje er det. Mor har lagt seg, far har sovna i godstolen. Han vaknar snart, og så går han og og legg seg.
Dorrit og Even er vel ute på eit eller anna spanande som ektepar i byen er ute på på fredagar. Eller så har Dorrit sovna på sofaen medan Even ser film.
Lise er i Frankrike. Ho har sikkert vore på kino med to venninner, og no sit dei og drøsar om filmen dei såg. Eller ho et sjokolade. Slik fransk sjokolade som Dorrit sel på cafeen sin i Stavanger.
Mormor er hjå tante Dagrun.
Per og Irene er tilsyn. Dei får ikkje lov å leggje seg på mange timar ennå.
Tor Øyvind er i London. Det kunne eg og vore.
Leffy er heime og gruar seg til å stå opp halv åtte. Synd eg skal vera med han. Me skal til Hjelmeland. Heile dagen.
Tore er sikkert med Torill.
Jon Magne driv og legg ungar. Iallefall gjorde han det før i kveld. No har han sikkert sovna på sofaen, for han sto tidleg opp idag.
Linda trur eg er i Bergen. Ho var på nett før i kveld, men no er ho søkk vekke. Ho er nok ute og svingar seg, skal du sjå.
Kjetil er i Oslo med Ellen Marie og har eit lite søskenbarntreff. Heilt sikkert hyggeleg.
Og eg er åleine. I kveld sit eg her.
Tanken på at eg kanskje ikkje skal vera det resten av livet er eigentleg ganske rar. Tenk om det plutseleg kjem nokon her, og som blir verande.
I morgon skal eg vera med folk heile dagen og heile kvelden og kanskje natta med. Det blir fint.