Før jul hadde eg besøk av opptil fleire hyggelege menneske. Det var mellom anna Tor Øyvind og frue, på biletet under her. Dei andre er av Knut, Inger Line og Hanna. Eg og Knut budde saman i Stavanger, og like før jul tok han med seg familien til Finnøy. Det har vore eit mas om å få desse bileta ut, og no kjem dei. Grunnen til at eg har nølt, er at barnet – Hanna – stort sett grin når Knut held henne. Eg meiner at bileta gir eit dårleg – og feilaktig – bilete av Knut sine farseigenskaper. Han er heilt sikkert kjærleg og omsorgsfull, og hadde fortent betre. Men men. Her er alt.







kremt. har du ikkje glømt någen fra denne kvelden? ellers fine bilder.
LikerLiker
Takk for den! Ser jo ikkje heilt oppvakt ut den faren. Men det har han forresten aldri gjort før heller.
LikerLiker
Eg har ikkje glømt någen. Der e någe som hette overeksponering. Dei som ikkje e med her, sto i sterk fare for å bli overeksponert. Ingen navn nevnt.
LikerLiker
Takk for bilder av fam Indrebø! Sjøl om dei vel ikkje akkuratt stille (eller e d «sette»??) oss i ett godt lys… Men ingen tvil om kor Hanna lige seg best iallefall
LikerLiker
Er du gått i streik att?
LikerLiker