Kort oppdatering

Er eg i streik att? Slett ikkje. Eg burde kanskje vore det, for dei andre sevheim.no-løkane sviktar som berre for tida. Kva feilar det dei? Har dei ikkje liv å skriva om?

Eg er i Stavanger denne veka for å promotera Lundeneset. Stor utdanningsmesse, og me lokkar ungane til oss med nysteikte lappar. Det er særs effektivt.

Kveldane brukar eg til å treffa folk. Måndag var eg hjå Dorrit og Even sine naboar, saman med Dorrit og Even. Naboane deira er Dorrit sine svigeforeldre. Ein svært kjekk kveld med boller og drøs.

I går var eg heime med Leffy og ungane.  Ingvild var på jobb. Eg bur der heile veka. Leffy og eg spelte Wii. Eg tapte alt. Då Ingvild kom heim banka ho meg også.

I kveld har eg og Nils Atle vore og sett Tottenham tapa. Sur, nå.

I morgon skal eg vitja Indrebøs i Sandnes. Blir gildt.

Men først av alt skal eg sjå siste Prison Break og 24-episode.

7 kommentarer om “Kort oppdatering

  1. Va konge på messå Kåre!! du va så flinke å steiga lappar atte..:) Åsså må eg sei at eg ska vr m t finnøy på freddan! d bør bli bra, itte d eg har hørrt om finnøy! heh..

    Liker

  2. Asså.. masse intresankt på siå di.. men trur du kje de hadde vore ekstremt skoi om du skreiv ett innlegg om MEG?! =)

    Liker

  3. Haha. So du var ein av dei snyltarane som sto pao stand framtetter ja. Og som trudde me steikte lappar til dei? Dei var jo berre lokkemiddel for að me skulle fao nokre elevar neste aor… Du skulle gitt deg til kjennes, sao skulle du faott fast leveranse. Alle som har blogg faor ekstraservice, veit du!

    Liker

Legg igjen en kommentar