Her er ein tekst eg har skreve til Øyposten. Kjem vel i neste veke, trur eg. For dei som ikkje orkar å venta på Øyposten – eller ikkje er abonnentar – her er heile greia.
Dersom nokon spør meg kva som har vore med på å forme min identitet som Finnøy-bu, trur eg nok at ein del av svaret må bli ferjå. Ferjå har vore ein del av livet og kvardagen min så lenge eg kan hugse. Ferjå har vore ramma kring livet mitt. For å bli litt poetisk.
Eg har alltid vore sterkt oppteken av ferjer. Den første og største vil sjølvsagt vere den gamle Finnøy-ferjå. Den med kiosk oppe og kroneautomat i trappene. Det var den som var gildast. Det var den som hadde eit hol ute på dekk, der me kasta sukkerbitar me hadde knabba i kiosken ned i. Dei fauk ut heilt nede ved vatnet, og landa i Hidlefjorden. Eller kva nå sjøen heiter på veg til byen.
Ferjå tok ein og ein halv time. Når me skulle på tur med fotball-laget og spele mot Jarl og Pol. Når me skulle på Stadion og sjå Viking vinne serien. Når me skulle til byen og kjøpe oss nye briller.
Så kom Rennfast, og ferjeturen vart redusert til ein inkjevetta og ofte irriterande seanse. Den viktigaste lærdommen vart at dersom ein har femogtjue minutt frå Tjensvoll-krysset, rekk ein ferjå. Dersom ein har tjue minutt, må ein køyre på og berre hugse å gjere nokre strategiske oppbremsingar, to gonger i den første tunnelen og ein i den andre.
Då eg byrja å jobbe i nord-fylket for nokre år sidan, ga dette meg sjansen til å gjenerobre barndommens rolege ferje-rike. Midt-sambandet var kanskje historie, men den nordre delen låg der framleis og venta på meg.
No reiser eg svært ofte til og frå Nedstrand når eg skal til og frå Finnøy. Det er ein herleg tur, som varer like lenge som den gamle ferjeturen til byen. Det einaste eg saknar er kiosk og kroneautomat.
Anløp Halsnøy. Eg har ikkje vore mykje på land på Halsnøy, men nokre visittar har det blitt. Eg har til dømes vore på Eikjefjellet. Kor mange folk frå Finnøy har eigentleg det? Dei einaste eg veit om er dei som gjekk på Finnøy sentralskule i 1990. For då var dei der, alle saman.
Anløp Eidsund. Dette er vel den plassen eg oftast køyrer av på utanom Nedstrand. Ombo er ein herleg plass. Det er på ein måte Finnøy kommune sitt Haukeli. Når ein skal køyre over Ombo, må ein plutseleg byrje å tenkje på om ein burde lagt om til vinterdekk, sjølv om det ikkje er ei snøfille på vegen på Finnøy. På Ombo kan alt skje. Ein kan møta elg. Ein kan sjå rev og hjort. Men eg har ikkje vore på Bandåsen.
Anløp Helgøy. Etter at bensinpumpene i Steinnesvåg vart stengde på ubestemt tid, er faktisk Helgøysund-bensinen den nærmaste dersom eg skal fylle bensin på båten. Trur eg. Takk, Helgøysund. Og så har dei gode komler der.
Anløp Nord-Hidle. Eg har aldri vore i land her. Det er ei skam. Eg må sjå og kome meg i land på Nord-Hidle.
Anløp Nesheim. Det er lenge sidan eg har vore i land her. Eg trur muligens eg aldri har gått i land på ferjekaien på Nesheim. Dersom eg skal til ei av øyane som nyttar denne kaien, er det jo hamslegare å reise med eigen båt. Desse øyane er og perfekte for øy-hopping med robåt. Eg må berre skaffe meg ein robåt.
Anløp Nedstrand. Eg hugsar godt då dei søkkte Alexander Kielland-plattforma i Nedstrandfjorden. Eg stod på altanen heime og høyrte drønna frå dynamitten. Eit dystert minne, men det dukkar ofte opp når ferjå glir over det siste fjordstykket inn mot Nedstrand.
Og trass i all denne ferje-nostalgien, så er det neppe nokon som gleder seg meir til Finnfast er ferdig enn eg. Men eg meiner det er galskap på leggje ned ferjå til Nedstrand. Den er ein del av den ryfylkske kulturarv, og burde blitt verna og finansiert over statsbudsjettet til evig tid.


















