Bytur

image114

I morgon skal eg på bytur. Då eg var liten, var bytur forbunde med ein del ting. Først var det anten ferje eller westamaran. Dersom det var ferje, var det å spele på pengeautomat utan at mor merka det. Westamaranen gjekk fortare, og der var der ingen automat.  Så var det å vasa rundt og følga etter mor og inn og ut av butikkar og kanskje inn på Solborg-kafeen for å eta kjøttkaker eller på Svithun dersom Solborg ikkje passa akkurat den dagen. Så var det kakemann på konditori og innom kiosken på hjørna og så heim att. Bytur var hyggeleg. Me kjøpte ting på Hustveiten. Og så måtte me innom Issen. Der hadde dei alskens gode ting, men me endte alltid opp med å kjøpa syltelabbar. Eg trudde dei ikkje hadde anna der.

Første bytur aleine er slikt ein bør hugsa. Eg har ikkje peiling kva tid det var. Kanskje i forbindelse med at eg fekk regulering. Det må ha vore då. Eg hugsar faderen var med meg på ein av dei første reguleringsturane. Kanskje det var ein del av akklimatiseringa? Mor lot meg reise med far, og dersom det gjekk bra så fekk eg reise aleine? Litt som Noah og dua. Eller var det ravnen som ikkje kom tilbake? Uansett. Når ein har byrja å reise til byen aleine er det ingen veg tilbake. Då er det kjipt å ha med foreldre.

Byen blei etterkvart avmystifisert, me reiste og spelte fotball, eg byrja å gå på Stadion, eg var i byen minst ein gong i veka. Så flytta eg dit. Byen vant. Eg likte det, men eg følte meg aldri heilt heime. Eg gjekk opp til Vålandstårnet og speida utover for å sjå om eg kunne sjå Finnøy. Hjelpe meg.

Men no er eg sjeldan i Stavanger sentrum. Det siste året har eg vore like mykje i Bergen, trur eg. Kjettaen sin bolig på Landås har vore fast base. Men no er det slutt. Kjettaen sluttar. Han reiser. Til Oslo. Det er ikkje bra. Eg har madrass hjå Kjettaen. No skal han til Oslo. Der har eg allerede madrass. Kva skal eg gjera? Bjarne Håvard bur med ein haug med folk. Torben har fått seg dama, og er dermed ikkje til å lita på. Kjetil Sevheim bur ikkje heilt i Bergen, og er uansett ikkje til å lita på. Tore flyttar til Bergen til hausten, seier han.

Det blir interesasant å sjå korleis det går med meg og Bergen. Me går spanande tider i møte.

Dagens politiske satire

Dette er ikkje eit nytt fast tema i bloggen min. Men eg har funne ut korleis me legg inn videoar frå YouTube her, så då må eg berre gjera det. Dessutan er denne så legendarisk at eg med glede legg han ut på bloggen min. Dersom nokon ikkje tek han, er det fordi de ikkje kan engelsk og/eller ikkje har lese aviser dei siste fire åra.

Uti min hage

Eg har vore i hagen i dag. Der har eg ikkje vore
særleg mykje. Eg har klippa plenen. Det er første
gong eg har klippa plenen min. Det var ikkje berre,
berre. Meir om det seinare.

Når ein går i hagen og ruslar, på oppdagingsferd,
finn ein ut at ein har meir enn ein trur. Eg fann ut
at eg måtte dela dette med dykk. Kall det ei feiring
av at eg i går kom over 30 lesarar for første gong.

image98

Etter endt plenklipping. Det blir betre lenger utover
våren, får me håpa. Dette er jo ikkje eit særleg
vakkert syn.

image100

Internett-antenna mi. Det har oppført seg bra i det
siste. Takk, NextNet.

image101

Så eg kjøpte meg plenklippar. Inn på ByggMix.
Me fann denne inne i ein container. Den var litt
brukt. Så eg fekk den til redusert pris. Den virka
i ti minutt. Anders får sint kunde i butikken i morgon.
Eg skal bytte den inn i hageslange, spade og
skjøyteledning.

image102

Eg har epletre. Eller noko slikt.

image103

Eg har ein blå blome.

image104

Og så har eg ein busk som liknar på bjørk, men
som ikkje er det.

image105

Eg oppdaga og til mi overrasking at eg har tulipan
i hagen. Kven skulle trudd det?

image106

Dette er eit litt trist syn. EIn halvroten sandkasse.
Eg har gitt den vekk, men dei som har fått han har
betre vet enn å ta imot. Den må vekk. Den må brenna.

image107

Terrasse. Eg har terrasse. Den ligg på litt feil plass.
Eg må ha meir terrasse, slik at eg slepp å slå den
elendige mosegrodde plenen.

image108

Dette bedet oppdaga eg og i dag. Eg har eit ganske
fint bed opp mot fjellet, mura opp og greier.

image109

Eg har kristtorn.

image110

Eg har ei blå potte som er litt knust. Den må vel og
vekk.

image111

Denne planta stod i stova mi då eg kjøpte huset. Den
er stygg. Den ville ikkje dø. Eg sette ho ut for at ho
skulle frysa ihjel. No er det slutt. Den går i komposten.

Motivasjon

Meg: Dersom det er ein ting eg ville forandra i livet mitt, e det at eg burde gitt meir gass og fått bedre karakterar i siste året på vidaregåande.

Elev: Men dersom du hadde gjort da, då hadde du jo ikkje vore der du e i dag.

Meg: Nei, kanskje ikkje.

Elev: So ka du kvine itte, då?

I stolen

                                                       image95

Det er litt som å sitja i den elektriske, og så går straumen. Kanskje. Du vil berre ha det overstått, men så oppstår tekniske problem og det eine med det andre. Og så må du venta.

Eg hadde det slik i dag då eg sat hjå tannlegen. Røntgenutstyret fungerte ikkje. Eg måtte bita og bita på den vonde plastpinnen, gong på gong. Til slutt måtte dei gå tilbake til det gamle røntgensystemet sitt. Berre for meg. Eg venta på dommen.

Medan eg venta, byrja tannlegen å undersøka meg. Han er flink, tannlegen min. Men når ein skal finna hol i tenner, må det trykkast og slitast og gravast med kvasse redskaper. Eg hatar det. Han fann ingen hol. Eg trudde ikkje det var sant.

Det var det ikkje heller. Tannlegedama (kvifor er det ALLTID ei dame, uansett om tannlegen er dame?) kom inn med dei framkall røntgtenbileta. Tannlegen min studerte dei. Og sa dei magiske orda. "Jaaaaaaaaaa du har nå ett hål, ja. Rett atteme rotfydlingå på høyra sidå, ja." Det er berre slik det er. Ein trur ein har sluppe unna, men så blir ein dregen rett tilbake til smerten og skrekken og vondskapen. Neste torsdag klokka 09.00. Då skal det fyllast.

Filmblogg

image93

Det er kanskje i overkant eit eller anna å kalla dette ein filmblogg. La gå.

Som alle som les bloggen min veit, var eg på Island i vinter. Eg har ikkje evna til å ikkje fortelja om ting som skjer i livet mitt. Det flyt over av informasjon om det eine og det andre, og det er eit merakkels at nokon i det heile tattt orkar å høyra på tytinga mi av og til tenkjer eg. No kjem det meir tyting.

På denne mykje omtala og avfotograferte Islandsturen, såg eg filmen Babel. Eg såg den tidleg om morgonen den første dagen etter at me hadde komme bort. Tore, Anders og Kjetil låg og sov, eg såg film. Etter at filmen var ferdig, låg eg der i senga og visste ikkje kva eg skulle tenkja. Eg hadde svære forventningar til filmen, og eg såg fort at dette er ein film mange vil meina er god. Likevel hadde eg ei kjensle av for mange spørsmål, særleg dette: Kva i huleste ville den filmen meg? Kva var det denne filmen ville formidla til meg, der i senga i Reykjavik ein kald men vakker februardag? Eg fann ikkje svar. Eg vurderte å vekka dei andre, men gjekk meg heller ein tur. Og snakka med dei då dei vakna. Eg vart ikkje klokare.

Men så. I dag. Heime på Vignes hjå mor og far. Eg les Aftenbladet, og Arild Abrahamsen har gitt Babel terningkast 3 i DVD-anmeldelsane. Eg les. Eg forstår. Endeleg. Dette er det eg følte etter å ha sett filmen. Les du og. Dettte er visdom på høgt nivå. Som mykje av det andre Abrahamsen har å fara med.

Ein dag utan

Etter at eg oppdaga internett ein onsdag i august 1996, har livet mitt smått om senn blitt sterkt og tydeleg forandra. Ein vanleg kvardag er eg no på nett meir eller mindre heile dagen og kvelden med. Eg er aldri langt unna. Og skulle det knipa, kan eg bruka mobilen. Eg likar det. Eg hadde blitt desperat og galen uten.

I dag har eg vore utan. Men eg er verken desperat eller galen.

Ok. Eg var inne ein liten time før eg gjekk ut døra i dag tidleg. Så var det avgarde til tyskerhålene og servere kaffi og frukt til ein haug med reiselivsfolk frå Stavanger. Var med på turen deira til dei reiste i firetida. Så gjekk eg til Vignes og vaska båten. I morgon er det boning og stoffing. Eg skal krypa under båten og legga på bånnstoff. Det er noko av det verste eg veit. Det er trangt og vondt og møysommeleg.

Det var då eg kom inn etter endt vask at eg merka det. Eg hadde vore utan nett heile dagen. Eg hadde ikkje lese nettavisene. Eg hadde ikkje sjekka mail. Eg hadde ikkje lese bloggane. Og fjesboka. Eg hadde ikkje vore der heller.

Det var med stor spaning eg sette meg ned ved dataen.

Bloggen: 2 kommentarar. Ein frå L, ein frå ein anonym lesar. Bra.

Fjesboka: Fem nye venner, eit par, tre av dei av slaget eg ikkje reknar med å sjå att i levande live nokon gong, men greit nok. To beskjedar. Hyggeleg. Ein poke. Ekstremt hyggeleg.

Mail: 9 nye mailar. Alle med innhald som inneber meir arbeid. Ikkje bra.

Og no skal eg setje meg ned og finne ut kva "for krafta blir fullenda i veikskap" eigentleg betyr.