Til fjells

image92

Å bu på to stader fører med seg ein del klatt. Til dømes dette med turklær. I dag er det ski-dag på skulen, og dei som ikkje vil renna i bakken i Røldal fekk tilbod (som dei ikkje kunne seia nei til) om å gå på fjelltur. Eg melde meg sjølvsagt til teneste som medvandrar. Eg er jo glad i fjellet. Og eg likar å sjå på at andre har det vondt. Men eg hadde jo ikkje verken klær eller sko. Eg enda med ein kombinasjon av shorts, skjorte, innesko og nokre frekke lange sokkar eg kjøpte i Amerika.

Så bar det til fjells.

Me gjekk halvannan kilometer på asfalt. Så tok me oppover lia på traktor- og saueveg. Etter ei stund kom me til eit vegskille, og etter mykje vurdering valde eg å følga etter dei elevane som heilt tydeleg hadde gjort feil val. Det var steinrøys. Det var stikkertbuskar. Det var mose og lav. Eg vart sint. Eg ringde til dei og beordra dei til å venta på meg, slik at me kunne finna tilbake på vegen. Det er føremona ved å vere lærar. Du kan sei ting til folk, og så gjer dei som du seier dersom du berre blir sint nok. Etter ein del klyving og indre ukvemsord, kom eg og alle dei som hadde følgt etter meg opp til dei andre. Eg kjefta først på dei som gjekk feil i utgongspunktet, så kjefta eg på alle dei som hadde følgt etter meg. Eg prøvde å forklara at det som regel aldri er lurt å følga etter meg på tur, og at dei burde gått på den breie vegen som førte til nøyaktig same stad som den smale og vonde. Stikk i strid med NLM si lære der, altså.

Då me kom opp, skulle me ta ein annan veg ned. Me kunne gått den vanlege, men sidan nokre elevar gjekk feil, følgte eg etter dei for å få dei på rett veg. Dei fann sjølve ut at dei var på veg ned i einer-hendelset, og retta opp ruta si. Eg gjorde ikkje det. Eg orka ikkje tanken på å gå opp i lia att for å finna den rette stigen. Så eg og fem, seks andre ulukkelege sjeler krylte oss fram gjennom einer som var dekka med stikkande einerbar og glatt mose. Me datt og ramla oss frametter, og då me trudde me var framme i skogen, var me berre halvvegs. Einerkratt i bratt terreng må vera noko av det minst framkommelege ein kan utsetje seg for.

Etter mykje blod, hantikke-frykt, fall og skrik, kom me oss inn på stien att. Bak alle dei som hadde gått før oss. Men me sette oss lukkelege ned på trappa heime på skulen, overbeviste om at me har fått ei mykje større oppleving enn dei som sit og gnoflar i seg pølse og pommes frites på varmestova i Rølda.

Påsken

Det må gjerast opp status etter første påske i eige hus.

Denne påska vart på mange måtar annleis enn tidlegare påsker. Eg kom heim til Finnøy Palmesøndag. Eg var ikkje i god form. Sju timars tidsforskjell gjorde at eg ikkje sov særleg mykje dei tre første nettene etter tilbakekomsten. Dette igjen førte til at eg sikkert oppførte meg rart og gjorde mange dumme ting. Unnskyld.

Påske har vore fast tid for desse tinga: Båtpuss og sjøsetjing. Fotball på plenen. Fisketur til aurevatn. Eg fekk ikkje gjort noko av dette. Båtpussen var det ikkje vær til. Det var kaldt og ufyseleg. Fotball på plenen var det ikkje vær til. Det var kaldt og ufyseleg. Aurefisket vart det heller ikkje noko av. Det var rett og slett for kaldt og ufyseleg.

Dette skrekkens været gjorde at eg fekk vera mykje inne. Me spelte mykje kort i påsken. Det var kjekt. Og så fekk eg mykje besøk, gjerne uanmeldt, gjerne seint om kvelden. Det var og hyggeleg. I tillegg fekk eg treffe heile familien, samt ein del Sandnes-slekt, og det er alltid triveleg. Det må jo seias at mine søsken har tilført familien kvalitetsheving ved valg av ektemenn/kjærastar.

Det har og vore ei stor påske på internett. Me har hatt hyggelege spelekveldar. Bror min har vore hjå meg kvar dag omtrent. Me har rett og slett kome nærare kvarandre som mennesker. Fantastisk.

Og så var det dette Facebook. Eg la meg til i byrjinga av påskehelga, og no har det teke heilt av. Eg har ikkje bestemt meg for om eg likar fjesboka eller ei. Førebels ser eg underhaldningsverdien, men ikkje nytteverdien. Ergo er faren stor for at eg blir avhengig.

Kvelden første påskedag klarte eg dessutan å løyse mitt eige vesle påskemysterie. Så då må me vel seia at påske 07 vart annleis, men vellukka.

EDIT: Marie har ikkje blitt beæra med slekts-gjennomgang. Sevheim.no ligg nede fordi Tore ikkje har betalt domene-rekning, men ho må likevel reknast som ein sevheim.no-bloggar. No har Marie kome heim frå Bolivia, og då er det på tide å ta ein slektsgjennomgang.

Eg har svært lite å seia om Lundeslekta. Mor: Elise. Far: Harald. Søster: Kristina. Eller Kristine. Og så har ho ein onkel som heiter Øystein Ellingsen. Det er alt eg veit. To av ti poeng til meg. Eller tre. For å vite om den onkelen. Vonar Simon kan fylla på litt her.

High School

Since I'm in the US, visiting a High School, I'll treat my regular readers to an English blog post. This way my hosts here in the States can read as well.

So, I'm a High School student today. I'm at Decorah High, visiting different classes. Right now I'm in a speech class, the students are doing research for a debate they are having. The issues are quite familiar to me – abortion, gun control, drinking age, things like that.

Decorah High has 650 students. Today 22 Lundeneset-students and 3 teachers are running around getting an impression of what it's like being in High School in this part of the US. Everyone is really friendly, and we feel like we're all welcome.

I was in a History class earlier today. I was able to take a look at curriculums, textbooks and tests they use. I think my students would like the American style better than the one I use – a combination of multiple choice and writing an essay on a topic. Maybe I'll try it out and see what happens.

It's really strange being in an American High School in real life. I've seen this a hundred times in movies and TV series. The lockers, the sports banners, the cafeteria. It all looks more or less like the ones I've seen on the screen. There are a few things I have noticed so far, that I would like to implement in my classroom back home.

1. If I was a teacher in an American High School, the studetns would call me Mr. Vignes. I'd like that.
2. When the students here are told to do research on the Internet, they actually do research on the Internet. Well, most of them… They don't play Tetris, read each other's blogs, chat, and so on. They are working. Great.
3. They seem eager to learn. I don't always get that impression back home. Realising my students back home probably are going to read this: GET A HOLD OF YOURSELVES! THE AMERICANS ARE BETTER THAN YOU!!

Later today we're having lunch, then I'm off to an English class. Their teacher has told me that they have questions prepared for me – hopefully I'll be able to give them sensible answers.

Tonight we're going to see at show performed by the Peking Acrobats at Luther College.

USA – The beginning

No sit eg i stova hjå vertsfamilien min i USA. Eg har nettopp overbragt gåver. På ein måte er det litt som då dei som gjenoppdaga dette kontinentet ga glasperler og anna jugl til dei som budde her frå før. Eg får husrom, mat, transport, full service og fullt opplegg for 22 studentar. Tilbake får verten min, Greg, fem pakkar med påskemarsipan. Eg kan berre gløyme å gi han noko anna. Det er heilt på grensa at eg gir denne marsipanen, trur eg.

Eg har fem pakkar til. Dei skal slekta mi i Sioux Falls få. Dei skal køyre meg til Minneapolis på laurdag. Det er seks timar kvar veg. Også der vil det bli opptøyer dersom eg prøver meg på å betale til dømes bensin for turen. Eg prøvde å nemna at eg ville gjera det, det blei totalt ignorert.

Amerikanarane er uvanleg gilde folk. Me har nå vore her i eit par døger, og har berre møtt velvilje og hygge alle stader me har vore. Den første kvelden var litt balen, me fekk pass-drama på flyplassen i Amsterdam. Fram til då hadde eg vore rolig. Svært rolig. Eg hadde ikkje sveitta ein einaste gong. Men då ein av elevane febrilsk kom springande bort til oss og sa at han hadde lagt pass og boardingkort igjen i lommen på flysetet på flyet frå Stavanger, rakna glansbildet.

Eg måtte springa. Og prøva å finna ut kva fly det var me hadde kome med. Eg er ikkje bygd for fart og stress samstundes. Det blir dobbel dose negative ting. Etter ein del springing og innvendig misnøye, fann eg flyet. Der var det stengt. I nabogaten fekk me hjelp. Ei dame skulle ringe reinhaldspersonalet . Det var ein time til flyet vårt gjekk vidare. Og lenge skjedde ingen verdens ting. Eg spurte om noko skjedde, ho rista på hovudet.

Plutseleg skjedde alt på ein gong. Ei dame kom springande, veiftande med ting som såg ut som det me sakna. Dei blei pressa gjennom ei trang dørsprekk. Då såg eg det. Dette var rett nok passet til min mann og boardingkortet hans. Men i tillegg hadde me passet til Sigrun frå Tananger. Eg kjende ikkje nokon Sigrun frå Tananger. Ved hjelp av Kjettaen fekk eg spora henne opp. Ho vart svært overraska over mykje. Ho vart overraska over at eg – ein vilt framand – visste at ho var i Amsterdam. Ho vart overraska over at ho hadde mista passet sitt. Og ho vart overraska over at eg hadde funne henne. Takk til Kjettaen og telefonkatalogen.no. Me rakk flyet vårt. Men då var eg svett og trøtt og sliten. Så flyturen fekk ein klam og uggen start. Ni timar i flyet og frykt for at ein sprer vonde kroppslukter er ikkje bra. Heldigvis sat eg berre med folk eg kjende.

Då me kom fram til Minneapolis var eg ansvarleg for at 25 trøtte, leie, slitne og ugne nordmenn måtte gå 45 minutt frå togstasjonen til hotellet. Trikset for å snu potensielt skandaløst humør til noko positivt er enkelt men likevel genialt. Ta alle med på restaurant og sei dei bestille så mykje mat dei vil. Det funka. Me la oss trøtte og mette klokka elleve. Då var ho 0500 i hovudet vårt, og me vakna eit par timar seinare overbevist om at det no vel måtte vera morgon.

Etter eit par-tre timar med shopping på dette Mall of America, reiste me ned og fann vertsfamiliane våre i Decorah, Iowa. Fantastiske folk, og elevane våre har allerede vurdert å søka om permanent opphaldsløyve.

Meir kjem seinare. No har eg skrive nok, og dersom du har hatt ork til å lese så langt som til hit, er det berre å gratulere.

USA

Fredag morgon reiser eg til USA. Det er snakk om skuletur med 22 elevar, meg og to andre Lundeneslærarar. Fram til påske. Det bør bli gildt. Me skal bu heime hjå familiar og gå på skule og så vidare. Eg skal mellom anna vere søndagskulelærar. Det kan bli interessant.

Så får me vona at dei har internett der eg skal bu, slik at det kan bli litt amerikansk blogging.

Kjetil si slekt

Ok. Føler no presset om å vise at eg kjenner Kjetil si slekt. Eg skal ha minst sju poeng for å vera nøgd med meg sjølv.

Mor: Berit. Far: Kjell. Berit er fødd Nærland, og er i slekt med Tor Inge og di. Ho er bonde, og har vore aktiv i politikken for Senterpartiet. Kjell har vore ferjemann, og er nå pensjonert. Han likar svært godt å seila, og har seilt over Nordsjøen og sikkert lengre og. Som om ikkje det var nok har han dratt meg opp av grøfta då eg kjørte bilen min fast i vinter. Takk, Kjell.

Søsken: Kristian, Ingvild, Solfrid. Kristian har no teke over heimegarden. Han er som meg ivirig laksefiskar, og me har begge eigarinteresse i laus eiendom ved Bjerkreimselva. Han er gift med Else-May. Dei har born. Minst tre. Ida, Sondre og Boye. Trur eg. Ingvild er gift med Leffy, og bur i Stavanger. Dei flyttar til Finnøy i løpet av sommaren, dersom det ikkje skjer noko skrekkeleg med det nye huset deira. Til dømes at grunnmuren rasar saman. Leffy er overtydd om at noko slikt nærmaste er uungåeleg. Dei har borna Helene og Daniel. Solfrid bur med mannen Øyvind i Kristiansand. Dei har tre barn, Marte, Bendik og ein eller ei til. Marte er fødd 11. september 2000.

Kjetil sine besteforeldre veit eg litt om. Farfar heitte Kristian og var ivrig hummarfiskar. Dei andre besteforeldra veit eg faktisk ikkje navnet på. Trudde eg hadde kontroll på farmor, eg. Men nei.

Onklar, tanter og søskenbarn: Onkel Tor og tante Marit. Dei har borna Ragnhild og Brit Elin. Så har me vel ein onkel Sigbjørn, og eit par søskenbarn Linda og Randi. Søren heller. Var det alt eg visste?

Ok. Eg seier meg nøgd med nær familie, men innser at eg har litt å gå på når det gjeld onkel/tante-oversikt. Men likevel: Eg gir meg sjølv sju av ti poeng for dette. Eg likar trass alt å oppnå måla eg set meg.

Ellers: Eg har blitt tikka i blogg-tikken. Eg har bestemt meg for at eg tykkjer blogg-tikken er teit, og har difor gjort eit valg om å ikkje ta tikkinga til etterretning.

Bergøy-slekta

Øystein utfordra meg til å seia kva eg veit om Bergøyslekta. Dette kan jo bli spanande.

Øystein Bergøy. Han har ein bror, Odd. Odd går på Strand vidaregåande skule, og er ein meister til å skyta med gevær. Eg veit ikkje om han framleis er aktiv skyttar.

Far Per. Per er bonde. Trur han har vore aktiv i Senterpartiet.

Mor Berit. Berit er veterinær, og har berga meg ut av mange jurbetennelse-kniper.

Så byrjar det å røyna på. Han har ikkje fleire søsken? Har han ein onkel som heiter Peder, mon tru? Og ei tante som eg ikkje klarer å hugsa navnet på. Flaut. Og eit søskenbarn ved navn Torjus. Kanskje farfar hans heitter Torjus også, dersom han lever ennå. Eg er 75% sikker på dettte.

Og så har me tante Liv og onkel Per Gunnar. Liv er søstera til Berit. Og mor til fetter Jakob.

Så er der ei tante til som nettopp var med mor mi til Kamerun. Eg veit ikkje kva ho heiter.

Fleire onklar eller tanter veit eg ikkje om. Men dei finst sikkert.

Og så lurar eg på om eg gjekk på Misjonshøgskulen med eit søskenbarn av Øystein ein gong. Dersom han er i slekt med ei som heiter Lena som har studert u-land, har eg altså studert med Øystein si slekt.

Dette var særs skrale saker. Tre av ti poeng.

Dette Island

I dag har eg köyrt dritlangt. For lokalkjente, eller dei med god atlas: Me köyrte ut av Reykjavik og opp til Akranes. Der var alle barn kledd ut som djevlar, hekser, datamaskinar, tigrar, alt mogeleg ein kan tenkje seg. Kjetil fortsette sin jakt pa fotballstadionar, og fann IA Akranes sin stadion. Dei har vunne serien 16 gonger, og er ikkje noko kven som helst i islands foball. Dei forsvann inn i eit bygg, og da dei hadde vore vekke eit kvarter, matte eg forlate bilen og inn og spörje etter dei. Eg fann dei pa eit bortgjemt kontor med tre ansatte i klubben. Dei prövde Akranes-drakter. Og kjöpte kvar sin.

Sa kjörte me til Snefellsjökul. Det var langt. Rundt heile jökulen og ned og sag pa et fyr og klipper og lavastrand. Anbefales som utfluktsmal. Vakkert, majestetisk, hemningslaust.

Me fann ein liten by, Olafsvik. Der hadde dei fisk til middag. Eg takka ja. Tore ville heller ha TexMexburger. Er det mulig? Og er det lov? Eg og Anders hadde Monkfish. Det var svingodt.

Me reiste videre. I eit vegkryss rauk det opp til krangel mellom meg og Kjetil. Eg ville kjöre rake vegen til Reykjavik. Han ville ta den ikkje fullt sa rake og dessuten grusbelagte vegen som han meinte ikkje var skandalöst mykje lenger. Me reiste til Stykkisholmar (?) der ferja reiser til Vestarfjördir. Langt oppi der. Me var nödt til bensin og fylle, for bilen me har leigt drikk noko heilt vanvittig. Det byrja snö. Kjetil forlot sin tanke om grusvegheimkjöring. Heldigvis. Det snöa som berre. Me tilbake mot Reykjavik via Borgarnes der me lurte pa om me skulle bada eller ei. Anders hadde ikkje lyst til snöbading. Me droppa det. Badast skal det i morgon, i nasjonalbadet.

Tilbake i Reykjavik klokka 19.45 lokal tid. Me reiste i titida. Og me har ikkje hatt vanvittig med pausar. Kanskje halvannan time til samman. Me har med andre ord kjört bil i 8 timar. Eg har kjört. Eg legg ikkje livet mitt i hendene til Kjetil eller Tore.

Dette var dagens bulletin. Trur det er meir enn nok.