På flyet

Eg var ein av dei første til å gå inn. Eg hadde stilt meg i kø for å vera tidleg ute. Eg likar eigentleg ikkje desse billigselskapa som ikkje kan gi oss ein fast plass. Skal det liksom kosta så mykje for dei å setja eit nummer og ein bokstav på ombordstigningspassa til folk? Resultatet av dette er jo at det blir opphopning av folk, sure mine, tvilsom praktisering av regelen om at folk med små ungar kan gå først i køen, og generell mistrivnad hjå dei som skal ombord i flyet. Ein skulle tru at flyselskapa skulle vera interessert i at folk var minst mogeleg aggressive når dei skal inn i ein trang kabin med forsvarslause flyvertar og -vertinner.

Men var altså ein av dei første. Eg kunne velga sete. Eg sikta meg inn mot det gjeve nødutgangssetet. Mot midtgangen. Det er den beste plassen. Då ser eg til min skrekk at dei har åpna døra bak i flyet. Folk velta inn. To damer med mord i blikket spurta mot kvar sitt nødutgangsete. Og nådde fram rett før meg. Dei såg kva eg ville ha, men dei tok det frå meg like føre augene på meg.

No var eg allereie komen så langt at bak at eg måtte gi gass og komme så langt bak at eg ikkje vart sitjande og sjå ut på ei av vengjene. Eg taklar ikkje det. Eg ser etter lause deler, etter deksel som ikkje sit som dei skal, etter ting festa til flyet som ikkje høyrer heime. Så dersom eg ikkje får ein nødutgangsplass der ekstra fotrom kompenserer for vengjeutkikk, må eg sitja langt bak. Då har ein og eit fnugg av sjanse til å overleva når me går ned i ulendt terreng.

Vel framme langt bak, krylt inn ved eit vindauge, fann eg meg sjølv. Fram med iPod, av med mobil. Strekke på føtene. Umogeleg. Heldigvis såg det ut for at setet framføre skulle verta ledig, slik at ingen kom og la det bakover under flyturen. Og ledig vart det. Heilt til Ho kom. Ho kom og sette seg i setet. Ho var ein del av eit reisefølge på seks. Dei var på stigande rus, og klare for London.

Det første ho gjorde då ho dumpa ned i setet framføre meg var å kjøre setet sitt så langt bak at kneskålene mine fekk kraftig pryl. Eg freista så godt eg kunne å stritta imot. Til inga nytte. Ho tok ikkje hintet om at det faktum at setet var vanskeleg å få bakover betydde at mannen på 1.90 rett bak henne hadde det noko trangt når det gjaldt rom for føtene. Eg sukka. Høglydt.

Heldigvis kom take off og flyvertinner som fekk alle til å retta stolane sine opp.

Men gleda varte ikkje lenge. I augneblenken lyset med "fest setebelter" vart sløkka, kom setet som ein katapult-arm mot meg igjen. Det skulle vore forbudt. Seter som kan leggast ned på fly skulle vore forbudt. Me som er anstendige menneske legg ikkje ned seta våre i fly. Me tenkjer på dei som er bak oss. Ikkje denne dama. Ho dreit i alt. Og ho sat ikkje i ro. Ho dunka i setet og herja på slik at det ikkje gjekk an for meg å sitja i den einaste stillinga eg hadde ein viss komfort i – ei slags fosterstilling med hovudet lent mot setet framføre. Men der var det så mykje rørsle at eg hadde risikert å pådra meg whiplash.

Etter kvart oppfatta eg i min smerte-dis at noko ikkje stemte. Eg såg ikkje dama framføre meg. Når folk sit framføre deg i eit fly, plar du sjå toppen av håret deira. Eg såg ikkj noko. Eg måtte kikka for å sjå kvar ho var. Setet vogga jo fram og tilbake, så noko måtte det vera. Då såg eg det. Ho sat ikkje med ryggen mot setet, slik ein skulle tru at ein person som legg seteryggen sin bakover gjer. Neidå. Ho sat bakoverlent, nærast liggjande, mot flyveggen. Og lo. Og vart befølt av den tvilsomme mannen ho reiste med. Trur eg.

Eg skreik innvortes, tenkte at denne dama garantert er ivrig Frp-ar, og prisa meg lukkeleg for at eg ikkje skulle til Kuala Lumpur.

London – del 2

Litt fleire bilder. Frå London.

ktrapp
Oddvar og Martin på trappene til KFUK-
hjemmet. Ein gledens plass med mange
gode minner. Og eit par elendige.

stua
Stofa på KFUK-hjemmet. Her såg eg alle
sendingane frå Nagano-OL i 1998, saman
med Petter som budde på huset. Me la
sterkt press på styret for å få norsk parabol.
Og det fekk me.

Trapp
Liten mann, stor trapp. Erik Lunde på
Marble Arch.

Norway
Denne Norges-reklamen på tuben var
såpass rørande at me måtte ha bilde.

Overgata
Erik og Oddvar er livredde når dei skal
over gata. Legg merke til Erik sin ekstreme
målbevissthet her, og Oddvar som ser i
totalt feil retning.

torbj;rn
Den gamle mannen og Oddvar. Denne
karen kjem inn på puben "The Academy"
kvar gong me er der. Han set seg ned på
sin faste stol, og så kjem ein servitør
springande med ein halv liter mørkt, lunka
engelsk øl. SIste kvelden me var der, tok
me mot til oss og drøsa litt med han. Det
viste seg at han var ein særs gild kar.

Dorrit og Lise vil nok setja ekstra stor pris
på dette biletet. Eg har ein versjon der
Oddvar er retusjert vekk. Ta kontakt dersom
det er av interesse.

London – del 1

Eg har vore i London. Me tek ei reis tilbake i tid ved hjelp av bilete. Eg held det eg lovar. Stort sett.

61545-43
Erik L, informasjonsleiar i KrF og
St. Volodmyr, Ruler of Ukraine.

Martinpizza
Martin med pizza. Me var på italiensk
restaurand i Queensway, og betalte
uhyrlege summar i tips fordi Oddvar
 tykte servitrisa var så gild.

 Eriktube
Så kan me ha gjettekonkurranse:
Kva tube-stasjon er dette?

Whlvandring
Vår-stemning i nordre London. På
veg til White Hart Lane og eit stygt tap.

Kyllingspis
Ritual er viktige. Før kamp kjøper
me kylling frå Chick King. Den er god.

Oddvarkingscross
Ein noko prega Oddvar etter kampen.

Eg har ikkje tid til å legge ut fleire bilete nett no. Men i morgon. Eller torsdag. Då. Eg er trass alt blitt lokomotivet på www.sevheim.no, dei andre er i ein slags dvale, trur eg.

Fleire bilete frå jul og nyttår

Eg får heile vegen oppmodingar (rett nok berre frå søskna mine) om å legge ut bilete
frå jul og slikt. Så her er nokre. Dei som ikkje veit det, men vil vita kven personane på
bilda er, får berre spørja. Er det forresten lov å legge ut bilete av born utan å spørje
foreldra? Dei har jo kledd seg ut, trass alt.

FetterHåvardFarhueJulemaritOddvarjulJulebordVernebrillerEivindToneDorritEvenAvfyringJulebukksTrekløverSminke
Oddvar3oddvar1Oddvar2

Ting som neppe blir gjort med det første

Dette er ei frustrasjonsliste. Over ting som burde blitt gjort, men som eg ikkje ser føre meg at let seg gjere før eg blir tvungen til det.

1. Bli kvitt gamlebilen. Dette var lenge ei ukomplisert oppgåve. Den hadde skilt. Den starta. No har han ikkje skilt. Og vil ikkje starta.

2. Drenere oppkjørselen min. Når det regnar, samlar ein innsjø seg opp. Når den går over kanten, lagar den ei stygg grøft nedover vegen. For å få reparert dette må eg grave. Neppe aktuelt før til våren.

3. Plante hekk. Heile øya ser rett inn i stova mi. Dette er ikkje alltid heilt topp. Men det er aller verst for dei som er uheldige og overnattar i stova.

4. Fått eit skikkeleg feste til tv-antenna mi slik at eg slepp å plage dei eg bur med kvar måndag kveld for å få fininnstillinga i boks.

5. Reparere persienna på soverommet som det ikkje går an å dra opp.

Fem ting…

… du kanskje ikkje visste om denne

kvignes

mannen:

Det hender at eg vert utfordra. Som regel bryr eg meg ikkje om det. Andre gonger bit eg på agnet, og då den tidlegare omtala Kvitveis utfordra meg til å blogge om fem ting mange ikkje veit om meg, tok eg sjølvsagt utfordringa.

Eg er fast lyttar av Verdibørsen og Språkteigen. Desse lastar eg ned i iTunes og høyrer på medan eg køyrer til ferja torsdag ettermiddag. 

Eg har vore på pilegrimstur til ei lita øy nordvest i Skottland.

Eg har framleis merke på venstre lår etter at eg skar meg på metall på den gamle snekka vår,                     Griffen. 

Eg blir uvel og rastlaus når eg ikkje har vore i London på eit halvt år.

Eg har ein gong reist til London eins ærend for å meg dame. Skjebnens ironi vil ha det til at båe                 mine søsken har hatt suksess på kjærleiksfronten i denne byen. I motsetning til meg.

Nytt år

Eigentleg burde eg vel ha kome med ei oppsumering her. Av 2006. Men det orkar eg ikkje. 2006 er forbi. Eg verkar etter å skrive 2007 for første gong. Der. 2007. For eit år det skal bli.

Eg vil ta eit fotografisk tilbakeblikk på juleferien. Dei som ikkje tykkjer det høyres interessant ut, kan heller gå hit og sjå på biletet av då Kjetil fekk mandarin kasta på seg på riskremfest 2005. Eg har ledd og ledd av dette biletet denne jula.

Over til andre og meir ferske bilete:

 Tommen
Tommen. Tommen var på Finnøy. Tommen. Denne mannen som eg budde med i Stavanger i nesten eit år. Denne mannen som trudde Gud sendte han pengar kvar månad, medan det eigentleg var eg som sette inn pengar for husleige. Denne mannen som serverte komle i bryllupet sitt. Eit gledeleg gjensyn.

Nisse
Oddvar bror min i Oslo som frekk julenisse. Han kledde seg ut og gjekk ned og skræmde naboungane.

61545-24
Bryllup! Søster mi gifta seg med Even. Det var ei særs stor dag. Eg fekk trua på kjærleiken.

Stjerneskudd
Nyttår! Tore veiftar med stjerneskudd. Ein hyggeleg kveld på Kindingstad.

Leppe
Kjetil viser fram munnsåret på leppa si. Det er godt synleg mellom fingrane hans.

No får me vona at dette er med på å bidra til at eg havnar på reiereiers oversikt over lesbare bloggar. Han bør snart vera nøgd. Eller skal eg måtte legge ut bilde av han sjølv og barnet hans først?