Heitur pottur

I dag kom me oss i heitur pottur. Me kjørte den vanlege ruta med geysir og Gullfoss, og enda opp i heitur pottur i det kommunale badet i den ganske vesle byen Selfoss. Islands meierihovedstad. Me fann ut at ein blir slakk og dårleg av meir enn ti minutt i den heitaste av pottene. Eg hadde verkeleg aldri trudd eg skulle lika å bada.
Ellers er det verdt å nevne at Kjetil har slått foten sin.

101 Reykjavik

Dag 1 i Reykjavik. Me kom i gðr kveld. Bestilte pizza til leiligheten vðr, og var mette og nögde i tolvtida. Dð gjekk me ned til byen. Eg var sðpass trött at eg ikkje vekk lov ð vera med Tore og Kjetil lengre dð klokka var to, og mðtte gð heim med Anders som er sjuk. Eg vakna av det et trudde var tredje verdenskrig i halv sekstida. Det var ikkje krig. Det var Kjetil som snorka. Eg heiv Tore si pute og dyne pð han. Det virka ei lita stund. Eg ringde Tore og sa kvar han kunne finne soveutstyret sitt nðr han kom heim. Like ettpð kom Tore. Klokka ni fekk eg ikkje sove lenger, og byrja sjð film. Klokka elleve stod eg opp og tok ein dusj i islandsk illeluktande svovelvatn. Sð gjekk eg ut i byen. Vandra langs havna, oppover gatene og heilt til slutten av 101 Reykjavik. Trur eg. Eg ðt frukost pð ein særs brun kafe. No er eg pð veg heimover igjen. Eg tippar ungdommen söv ennð. Og blir sure nðr eg ikkje har kjöpt frukost til dei.

Dette innlegget er nok for dagboksk til at Knut likar det, men sidan det er frð Reykjavik er det kanskje lov?

Medan me ventar på vinterferien del III

I dag reiser eg til Oslo. Klokka 15.30 set eg meg i bilen og kjører over fjellet. Då har eg ferie. Då er det hugnad.

I morgon reiser eg til Island. Det blir kaldt. Det blir mørkt. Det blir lite mat. Me skulle heller reist til Syden. Men me skal ikkje dit. Me skal til Island.

Eg har tatt bestemmelsen om å ikkje ta med pc på tur. Det blir for kave. Og så får eg ikkje fri. For har eg pc med meg, må eg inn og sjekka mail. Jobbmail. Eg må inn og flikka litt på nettsider. Eg får ikkje fri. Eg drit i pc og ser om eg klarer ei veke utan.

Dette betyr sjølvsagt at blogg-oppdatering blir særs sporadisk.

På gjensyn etter vinterferien. Då med friske Island-bilder av ein bleik Tore Sevheim i svovelvatn.

Medan me ventar på vinterferien del II

To dagar til eg reiser til Island for å setja meg i heitur pottur. Eg skal til og med kjøpe meg ei badebukse. Eg som hatar å bade. Eg skal bada til eg blir blå i trynet. Eller blir ein kanskje raud når ein badar i svovelvatn?

Uansett. Eg har fått blåmerke på magen. Eg skulle måke snø av fotballbanen i går. Me bruker svære snøskuffer. Plutseleg hang den seg opp i kunstgraset og kjørte seg rett inn magen min. Stort blåmerke. Ser veldig dumt ut.

Men me fekk vekk snøen. Som hadde smelta vekk i dag uansett.

Medan me ventar på vinterferien

Medan me ventar på vinterferien, må me ha ting å gjera som gjer at tida går fortare.

Eg sit på skulen. Eg har tilsyn i dag, så då går tida ganske fort av seg sjølv. Å ha tilsyn på Lundeneset inneber for meg følgande ting i dag:

1. Gå på middag og passa på at ungane ikkje hiv ting på kvaradre.

2. Låsa opp biblioteket.

3. Fotballtrening.

4. Kvelds. Passa på at ungane ikkje et ting dei ikkje har lov til.

5. Drøse med folk.

6. Gå og snika til meg nokre middagsrester.

7. Ringe legevakta fordi nokon har skada seg på stadig nye måtar.

8. Låsa og sørga for at alle er der dei skal vera.

9. Leggja meg og vona eg ikkje vert vekka av telefon eller andre vonde ting.

Anløp Fogn

Daniel har bede meg om å skriva om Fogn. Sidan Daniel er ein god mann, tek eg oppmodinga på strak arm. Om han kjem til å lika det eg skriv, er ei anna sak. Eg veit faktisk ikkje om dette blir positivt eller negativt. Eg skal uansett prøva å gjera det kronologisk.

Fogn kom inn i livet mitt gjennom ferja, sjølvsagt. Fogn var første staden ferja gjekk til på veg til byen. Det gjekk mange år før eg gjekk i land. Eg trur eg hadde byrja på ungdomskulen, og at det var fotballen

Ferjå

Her er ein tekst eg har skreve til Øyposten. Kjem vel i neste veke, trur eg. For dei som ikkje orkar å venta på Øyposten – eller ikkje er abonnentar – her er heile greia.

Dersom nokon spør meg kva som har vore med på å forme min identitet som Finnøy-bu, trur eg nok at ein del av svaret må bli ferjå. Ferjå har vore ein del av livet og kvardagen min så lenge eg kan hugse. Ferjå har vore ramma kring livet mitt. For å bli litt poetisk.

Eg har alltid vore sterkt oppteken av ferjer. Den første og største vil sjølvsagt vere den gamle Finnøy-ferjå. Den med kiosk oppe og kroneautomat i trappene. Det var den som var gildast. Det var den som hadde eit hol ute på dekk, der me kasta sukkerbitar me hadde knabba i kiosken ned i. Dei fauk ut heilt nede ved vatnet, og landa i Hidlefjorden. Eller kva nå sjøen heiter på veg til byen.

Ferjå tok ein og ein halv time. Når me skulle på tur med fotball-laget og spele mot Jarl og Pol. Når me skulle på Stadion og sjå Viking vinne serien. Når me skulle til byen og kjøpe oss nye briller.

Så kom Rennfast, og ferjeturen vart redusert til ein inkjevetta og ofte irriterande seanse. Den viktigaste lærdommen vart at dersom ein har femogtjue minutt frå Tjensvoll-krysset, rekk ein ferjå. Dersom ein har tjue minutt, må ein køyre på og berre hugse å gjere nokre strategiske oppbremsingar, to gonger i den første tunnelen og ein i den andre.

Då eg byrja å jobbe i nord-fylket for nokre år sidan, ga dette meg sjansen til å gjenerobre barndommens rolege ferje-rike. Midt-sambandet var kanskje historie, men den nordre delen låg der framleis og venta på meg.

 

No reiser eg svært ofte til og frå Nedstrand når eg skal til og frå Finnøy. Det er ein herleg tur, som varer like lenge som den gamle ferjeturen til byen. Det einaste eg saknar er kiosk og kroneautomat.

 

 Anløp Halsnøy. Eg har ikkje vore mykje på land på Halsnøy, men nokre visittar har det blitt. Eg har til dømes vore på Eikjefjellet. Kor mange folk frå Finnøy har eigentleg det? Dei einaste eg veit om er dei som gjekk på Finnøy sentralskule i 1990. For då var dei der, alle saman.

 
Anløp Eidsund. Dette er vel den plassen eg oftast køyrer av på utanom Nedstrand. Ombo er ein herleg plass. Det er på ein måte Finnøy kommune sitt Haukeli. Når ein skal køyre over Ombo, må ein plutseleg byrje å tenkje på om ein burde lagt om til vinterdekk, sjølv om det ikkje er ei snøfille på vegen på Finnøy. På Ombo kan alt skje. Ein kan møta elg. Ein kan sjå rev og hjort. Men eg har ikkje vore på Bandåsen.

Anløp Helgøy. Etter at bensinpumpene i Steinnesvåg vart stengde på ubestemt tid, er faktisk Helgøysund-bensinen den nærmaste dersom eg skal fylle bensin på båten. Trur eg. Takk, Helgøysund. Og så har dei gode komler der.

Anløp Nord-Hidle. Eg har aldri vore i land her. Det er ei skam. Eg må sjå og kome meg i land på Nord-Hidle.

Anløp Nesheim. Det er lenge sidan eg har vore i land her. Eg trur muligens eg aldri har gått i land på ferjekaien på Nesheim. Dersom eg skal til ei av øyane som nyttar denne kaien, er det jo hamslegare å reise med eigen båt. Desse øyane er og perfekte for øy-hopping med robåt. Eg må berre skaffe meg ein robåt.

Anløp Nedstrand. Eg hugsar godt då dei søkkte Alexander Kielland-plattforma i Nedstrandfjorden. Eg stod på altanen heime og høyrte drønna frå dynamitten. Eit dystert minne, men det dukkar ofte opp når ferjå glir over det siste fjordstykket inn mot Nedstrand.

Og trass i all denne ferje-nostalgien, så er det neppe nokon som gleder seg meir til Finnfast er ferdig enn eg. Men eg meiner det er galskap på leggje ned ferjå til Nedstrand. Den er ein del av den ryfylkske kulturarv, og burde blitt verna og finansiert over statsbudsjettet til evig tid. 

 

Kort oppdatering

Er eg i streik att? Slett ikkje. Eg burde kanskje vore det, for dei andre sevheim.no-løkane sviktar som berre for tida. Kva feilar det dei? Har dei ikkje liv å skriva om?

Eg er i Stavanger denne veka for å promotera Lundeneset. Stor utdanningsmesse, og me lokkar ungane til oss med nysteikte lappar. Det er særs effektivt.

Kveldane brukar eg til å treffa folk. Måndag var eg hjå Dorrit og Even sine naboar, saman med Dorrit og Even. Naboane deira er Dorrit sine svigeforeldre. Ein svært kjekk kveld med boller og drøs.

I går var eg heime med Leffy og ungane.  Ingvild var på jobb. Eg bur der heile veka. Leffy og eg spelte Wii. Eg tapte alt. Då Ingvild kom heim banka ho meg også.

I kveld har eg og Nils Atle vore og sett Tottenham tapa. Sur, nå.

I morgon skal eg vitja Indrebøs i Sandnes. Blir gildt.

Men først av alt skal eg sjå siste Prison Break og 24-episode.

Indrebøbesøk

Før jul hadde eg besøk av opptil fleire hyggelege menneske. Det var mellom anna Tor Øyvind og frue, på biletet under her. Dei andre er av Knut, Inger Line og Hanna. Eg og Knut budde saman i Stavanger, og like før jul tok han med seg familien til Finnøy. Det har vore eit mas om å få desse bileta ut, og no kjem dei. Grunnen til at eg har nølt, er at barnet – Hanna – stort sett grin når Knut held henne. Eg meiner at bileta gir eit dårleg – og feilaktig – bilete av Knut sine farseigenskaper. Han er heilt sikkert kjærleg og omsorgsfull, og hadde fortent betre. Men men. Her er alt.

Tøsogheidei

Grinehanna3

Grinehanna2

61545-57

Grinehanna

ILI og HI

Full grin

Jakt på fjernsynet

Eg har blitt overaust med oppfordringar om å melda meg på Jakten på kjærligheten i dag. Er folk verkeleg så desperate etter å sjå meg gift? Og trur verkeleg folk at Norge er klar for ein sur og sarkastisk odelsgut frå Finnøy på fjernsyn kvar veke? Eg tvilar.

Men sidan me ikkje sjølve kjenner oss best alltid, let eg utfordringa gå til den som meiner eg er eigna til dette. Meld meg på. Eg lovar å gjere mitt beste, og skal også lova å a) ikkje stilla opp i Se og Hør og b) Ikkje havna i sofaen med Dorthe. Med mindre ein av dei to inneber betydeleg økonomisk kompensasjon, sjølvsagt.