Heimtur

Eg sit på flyet på veg heim frå Afrika. Under oss ligg Hellas. Me susar avgarde i ein liten metallsylinder, 36000 fot over havet. På andre sida av det tynne vindauget er det over 50 minusgrader. Likevel har ingen panikk. Dette slår meg alltid som litt rart når eg tek fly. Ein skulle i det minste tru at det på kvart fly burde vera ein person som såg tinga slik dei faktisk er, og som frika totalt og fullstendig ut. Men neidå. Me er rolege. Me har kontroll. Når me kjem fram til London skal eg be Johan om eit av bileta han tek ut vindauget no. Dei blir svært fine.

 Me har altså vore i Afrika, eg og Johan. Det er mindre enn ein månad sidan me reiste, men det kunne like gjerne vore eit år eller to. Tanken på at me skal opp i snøen og kulden er vond og absurd. Det er ikkje mange dagane sidan me låg og duppa i det Indiske hav og lo høgt av dei heime som hadde snø og tjue minus. Det var jo garantert vekke til me kom heim att. Snøen ligg jo maks ei veke. Når me kom heim, i midten av januar, skulle det jo vera så godt som vår. Eg skulle vurdera om det ikkje snart var på tide å gjødsla plenen og ta årets første hekk-klipp.

 Slik blir det ikkje. Me gruar oss, og me gruar oss ikkje så reint lite.

 Etter at me kom heim frå Zanzibar, reiste me på safari. Me skulle overnatta to netter, ei av dei midt i Tarangire nasjonalpark. For nokre år sidan vart ein liten gut eten av leopard rett utforbi teltet. Elefantar kjem for å gnissa tennene mot trea der rett som det er. Ein vakker plass var det, men verken leopard eller elefantar vitja oss i leiren. Telt med innlagt straum, dusj og WC hadde me og. Og elefantar og sjiraffar såg me i hopetal. Dei late løvene som låg på ein haug og sola seg skulle vera eit forvarsel på kva me hadde å forventa oss på rovdyrfronten.

 Verda har mykje vakkert å by på. To av dei tinga som alltid kjem høgt opp når dei mest spektakulære naturopplevingane i verda skal kårast, er Grand Canyon og Ngorongoro-krateret. Lesarar av bloggen min vil hugsa at møtet mitt med Gran Canyon vart prega av snøstorm og sterk mangel på utsikt. Vel, møtet mitt med Ngorongoro vart og innhylla i eit slør av utriveligheter. Denne gong kom plagene ikkje utanfrå ? men innanfrå.

 Å spy er det verste eg veit. Førre gong det skjedde var i haust etter eit noko ugreit møte med ein ukurant krabbe. Då eg låg i senga mi på fredag, innsåg eg eg berre hadde eitt val dersom dagen ikkje skulle bli ein einaste kamp for å unngå å kasta opp. Eg måtte kapitulera, og stavra meg ut på toalettet og gjorde det som måtte til.

 Å seia at dagen etter det vart ei vandring i smertefri lykke vil vera ei overdriving. Eg hugsar at me kjørte gjennom porten til parken. Eg hugsar eit fantastisk utsyn over krateret då me hadde kjørt på den overraskande lange, svingete og humpete vegen opp. Eg hugsar sebra i hopetal. Eg hugsar gnu som var styggare enn eg hadde trudd. Eg hugsar late løver ein meter frå vegen som ikkje gadd løfta hovudet for å sjå på oss sjølv om me snakka hardt til dei. Eg hugsar den velsigna lettelsen som bredde seg i kroppen då det gjekk opp for meg at nokon har hatt vet til å installera vassklosett på eit strategisk punkt midt i krateret. Eg hugsar kor utrlueg ukomfortabelt det er å liggja i baksetet på ein Landcruiser når sjåføren manøvrerar seg gjennom delvis vekkvaska vegar. Men ellers hugsar eg ikkje så mykje. Då eg kom heim til Knut og Inger L flata eg ut på golvet, og blei oppfordra til å leggja meg i nitida. Noko eg gjorde. Trur eg.

 Kanskje det er noko med meg og verdsarvstader? Då me var på vestlandsturne med amerikabesøket vårt i sommar, var det Dorrit som fekk vera med på båttur på Nærøyfjorden. Eg måtte kjøra bil gjennom tunellar og plukka dei opp i Gudvangen.

 Dei siste par dagane vart tilbragt i Arusha, og det byrja verkeleg å siga innover meg at eg skulle heim. Eg sjekka jobbmailar. Eg snakka med folk på facebook utan å mobba dei for snø og kulde. Eg var svært forsiktig med kva mat eg putta i meg, og levde på Pringles og cola.

 Heimturen føregår etappevis. Me starta i går morgon med buss frå Arusha til Nairobi. Dette tok vel ein sju timars tid. Bussturen var heilt topp, og så godt som gratis. Når den nye vegen ? med asfalt og ikkje hålete grus ? er klar, blir det ei rein festreise. Me kom til Nairobi og fann oss ein taxi. Me fann tomta der misjonærane bur, og fann ut at den var ein heil del større enn i Arusha. Mange me kjenner har budd der, og det var litt som å koma til ein plass du berre har sett på film eller høyrt folk fortelja om med begeistring og glede i stemmen.

 Steike. No flyg me rett over Albania her.

 I Nairobi traff me folk frå både Fogn og Talgje, så eg byrja verkeleg å føla meg heime. Kvelden i Nairobi blei veldig triveleg av fleire grunnar. Me fann til dømes eit handlesenter der dei serverte god mat, me fann bacon og egg til frukost, og me traff mange hyggelege folk. Me hadde vel eigentleg begge sett føre oss at me utslitne etter ein grusom busstur skulle sovna i fosterstilling i åttetida og tenkja at Nairobi ikkje var noko særleg til plass. Meir feil kunne me ikkje ha teke, og då me sat og gafla i oss egg og bacon til frukost i dag var me einige om at me hadde mykje å takka for. Etappe to på turen sluttar i kveld med overnatting i London. Her blir det treffing av Dorrit og Even, og overrekking av nokre i all hast innkjøpte presangar. Dei opprinnelege presangane deira ligg nemleg i heilt til Oslo innsjekka bagasje, og kjem ikkje til å sjå dagens lys før eg er trygt heime på Finnøy.

 I morgon tidleg blir det fly til Oslo og så tog til Stavanger. Så Lundeneset og Religion og Etikk med 3ST klokka 0800 torsdag morgon. Då er det tre døgn sidan me sat på bussen og hu
mpa mot Nairobi. Kven seier at reising er så kjapt i vår tid? Men for oss er det heilt perfekt denne gongen. Med å bruka lang tid på heimreisa får me fordøyd turen på ei heilt annan måte enn om me hadde vore på Sola åtte timar etter å ha forlete Afrika.

 Eg har fått høyre at folk som vitjar Afrika for første gong anten blir djupt facinert og forelska i kontinentet, eller så kan dei aldri tenkja seg å reisa dit igjen. Eg kjenner at eg forstår begge desse kjenslene.

 Eg hadde aldri reist til Afrika utan å ha folk å besøka. Ikkje på ein tur som dette, i alle høve. Å kjenna folk der bør vera grunn nok for alle å reisa. Å ha nokon som kan språket og kjenner kulturen er ein kjempefordel. Då treng du ikkje uroa deg over alt som kan gå gale. Noko av det som har gjort denne turen så fantastisk for meg er dei gode menneska som har teke seg av meg ? først Knut, Inger Line, Hanna, Andreas og Tomas. Så Zanzibar-gjengen. Me snakka om det på bussen i går, at då taxien med Mari og Ellinor forsvann ut frå Impala Hotel, var det første gongen på turen at me var overletne til oss sjølve. Me har blitt godt tekne vare på.

 No susar me over Adriaterhavet. Nærmare Tore Sevheim har eg ikkje vore på ei stund. Han bur snart rett til venstre. Eg saknar Tore. Vonar ikkje han skal bu langt vekke neste år.

 Er eg klar for å koma heim? Eg veit ikkje. No tenkjer eg berre på ein ting. Hoummussen på the Academy. Du, som eg gledar meg.

Straumstans, hai, reisefølge

Edit: Dette innlegget skreiv eg for to dagar sidan. Etter det har det vore umogeleg med nettilgang. No har eg sneke meg til med nokre gamle greier i resepsjonen, og vonar at eg klarar publisera. Det er nemleg ikkje ofte eg sit i over to timar og skriv innlegg. I morgon reiser me tilbake til Arusha. Zanzibar har vore heilt konge. Men me har og merka at helsemessige utfordringar er meir stress her enn heime. Ok. Dette skreiv eg for to dagar sidan:

No har me bytta hotell. Til no har me budd på austsida av Zanzibar, no har me flytta til vestsida. Ein skulle kanskje tru at eg likte meg best på vestsida, sidan eg mellom anna ein gong har uttalt at eg heller ville budd i Stavanger enn på Judaberg. Men dette må seiast: Austsida av Zanzibar var ein tiltalande plass. Lite folk. Lite turistifisert. Langt frå byen. Eg var skeptisk i utgongspunktet. Hadde lyst å oppleva byen, folkelivet og gatene. Det skulle visa seg å ikkje vera noko problem. Me har vore i byen to gonger til nå, og nå er resten av gjengen i byen igjen. Ellinor og Johan har ikkje fått shoppa i det heile ennå, stakkar.

Eg sit att på hotellet. Eg kunne ikkje bli med dei inn i dag. Eg våga ikkje.

Zanzibar har i realiteten vore utan straum sidan i byrjinga av desember. Straumledningen frå fastlandet vart øydelagt. På Zanzibar bur det cirka 1,5 millionar mennesker. Svært mange av dei livnærer seg på turisme. Jul og nyttår er ein av høgsesongane i året, og øya flaumer over av folk frå alle verdas land verkar det som. Zanzibar er til dømes det for italienarane som sørkysten av Spania er for nordmenn. Dei kjem hit, byggjer svære hotell, reiser ned på pakketur og ikledd speedoar og små bikinar køyrer dei slalåm mellom dei lokale kvinnene som driv sitt tare-havbruk ute på sandbankane -ikledd fotside svarte kjolar for å halda oppe tanken om at ei kvinne som viser meir enn nokre få kvadratdesimeter med hud ikkje oppfører seg slik kvinner ska.

Og så går straumen. Verkeleg går. Midt i hovudsesonen der mange skal tena pengar for heile resten av året. Kva trur me hadde skjedd dersom heile Sørlandet vart råka av straumstans i fellesferien? Det hadde kanskje vart nokre timar. I verste fall ein dag (dersom Konrad Norheim eller andre Sjernarøybuar les dette får de ha meg unnskyldt – de bur trass alt på Norges Zanzibar, og de har vel i all verda fått straumen tilbake no??). Her har dei vore utan straum i snart ein månad. Legg dei seg ned og grin? Nei. Dei kjøper seg generatorar. Og ventar på bistand frå Norge – inkludert norske ingeniørar som skal utføra arbeidet. Straumen er visstnok tilbake den 5. januar – dagen me reiser herfrå. Eg har mine tvil. I mellomtida er det rasjonering på generatorstraum. Der me har budd til nå, har generatorane sveve stort sett døgnet rundt. Eigaren er norsk, og jobbar som ein galen for å halda standarden oppe. Det har han klart på ein imponerande måte. Andre hotell i nærleiken stengde dørene då straumen forsvann. Der me bur no, er det rasjonering. Eg sit no i sportsbaren – utan internett. Straumen kjem på mellom ett og tre. Så frå halv sju til elleve. Me skal få lov å takka for at Oddvar visste kvar han hadde lagt hovudlykta mi?

Så langt om straumstans.

I går åt eg hai. Du, som eg angrar. Å eta hai er ikkje noko Skaparen vil at me skal gjera. Haien skal heller eta oss. Dette er ei ordning som er heilt ok for meg. Berre eg slepp å eta hai igjen i livet mitt, får det heller stryka med ein australsk surfar eller to i året.

Eg hadde ikkje tenkt meg at segling skulle bli ein så viktig del av opphaldet her, men no har me vore på segletur både nyttårsafta og 1. nyttårsdag. Eg har ikkje blitt hekta, som minst ein fast blogglesar har, men eg har blitt djupt facinert. Nyttårsafta leigde me ein lokal båt til å kjøra oss over Chwaka bay (sjekk Google maps dei som gidd). Vel framme vart me servert dagens fangst – kongereker. Fantastisk. Forventningane var difor store då me i går – etter ein flott segltur frå Prison Island – skulle innta kveldsmat på den daglege matmarknaden nede ved sjøen. Eit par ord om seglturen – forutan solnedgang og vakre bilete (som blir publisert før eg kjem heim om Linda vil), fann eg det for godt å kasta meg uti havet midtfjords. For dei som kjenner meg, framstår dette som ein ganske absurd tanke. At Kåre skal vrenga av seg skjorta og kasta seg uti midtfjords. Det har neppe skjedd før. Skjer neppe igjen heller. Men her skjedde det. Kapteinen kasta uti eit tau til meg, som eg greip fatt i. Så der låg eg, og vart slept etter ein dhow, mellom Tanzanias fastland og Zanzibar Town. Midtfjords. Det var då det gjekk opp for meg kva eg hadde gjort.

>Dersom du var hai, og du ikkje hadde hatt mat på ei stund, vil eg tru du hadde vore klar for å få eit lett bytte servert. Dersom du er hai, og patruljerer området ved Zanzibar Town, er det ikkje så mykje å finna på i matveien. Små barn som hoppar rundt inne på stranda er ikkje lette å få tak i – dei held seg på grunnane og du riskerer å stranda. Det blir mykje sjølvdaud fisk og søppel på menyen, er eg redd. Heilt til ein dag du er på veg innover for å sjå om nokon kan ha kasta restane av ein seglfisk på sjøen etter at hotellbuffeen var ferdig. Då ser du det. Bak ein båt dinglar to kvite skapningar. Både forrett og hovudrett. Det var dette som gjekk opp for meg. Sidan eg var nærmare båten enn Ellinor – som og hadde hoppa uti – tenkte eg at her var det berre å koma seg om bord att medan haien tok seg av forretten. At eg der eg låg og naut livet i tillegg til livsnytar var agn for haidorgarar, fekk meg til å kava meg opp i båten i ein fart eg sjølv ikkje visste eg var i stand til. Vel oppe i båten konstanterte eg at Ellinor ikkje hadde innsett det same. Men ho overlevde.

Verre var det med haien eg så kasta mine auge på på matmarknade. Det skulle visa seg at det nok var ei god stund sidan den var i live.

Eg hadde sett fram til dette. Ein slags mini-Gladmat kvar dag. Kva glede kunne ikkje til dømes ein mann som Daniel T. ha funne her?. Han er nok den største Gladmat-elskaren eg kjenner. (At han prioriterte Løekøntri før Gladmat i år, seier sitt om kvaliteten på akkurat det arrangementet). Men altså. Masse mat. Over alt. Kylling og biff, men mest sjømat. Reker, hummar, alskens fisk. Og eg tenkte at jaja, no er eg her, no må eg hugsa på Bjørn sine ord, no gjeld det å vera til stades og oppleva. Eventuelle konsekvensar tek me seinare. Eg skal byrja å gå rundt med ein liten hammar. Kvar gong tanken om konsekvensar som kan tas seinare kjem snikande, skal eg leggja handa ned på ein sein og slå på neglene mine til tanken forsvinn. Men eg bestile tandoorihummar. Eg bestilte Blue Marlin. Eg bestilte hai.

Nyttårsafta i fjor vart feira på Island. Ein av nasjonalrettane der er gjæra hai som har vore nedgravd ei stund. Hàkarl. Eg har sett dette produktet. Det ser ikkje bra ut. Det luktar ikkje bra. Det framstår som absurd å stappa det inn i munnen og la kroppen sitt fordøyelsessystem jobba med det nokre timar. Eller dagar, dersom du er uheldig. Haien i går, derimot. Haien i går var dandert på grillspyd. Konsistsens som kveite. Smak som ting du brukar til å fjerna dei ekstra gjenstridige restane etter avføring i doskåla, når du innser at det no er på tide å sjå om denne fargen verkeleg er den same som då dassen var ny. Salmiakk. Sterk og grusom salmiakk. Eg trudde eg var tøff. Trudde eg skulle klara kva det skulle vera i matveien. Til jul et nordmenn ting som ingen andre folk i heile verda vil finna på å kalla mat. Men dette. Dette her. Det var så aldeles forferdeleg grusomt. Det var så fælt at eg kjenner det veller opp i meg når eg skriv om det. Eg trudde eg skulle segna om og omkomma i spasmer dei fleste epilepsipasientar heldigvis sjelden opplever. Hummaren og marlinen smakte gummistrikk og hekletråd med krydder, og eg rava bort til ei søppelkorg og kasta alt. Så betalte eg.

>På veg heim – i pirattaxi skaffa til vegs av ei legendarisk dame frå Rennesøy – oppdaga eg at det som ikkjed hadde vore heilt i orden i det var siste no var på linje med det galnaste det har vore. Eg stavra meg inn på toalettet då eg kom heim, og har i praksis vore der sidan. Det høyrer visstnok med til dette med ferie i sørlige strøk. Eg angrar på at eg ikkje høyrte på råd frå min far om å alltid ha med sterkt, dansk bitter på indrelomma for å unngå insidentar som denne i Afrika.

Då helsa mi vart eit tema på veg til nytt hotell i dag, meinte reiseleiar Else Marie at haien slett ikkje skal skuldast for mine plager. Hennar teori er at ein kombinasjon av å dela rom med ein magesjuk kvitsøybu og ei noko sterk malariamedisin må ta skulda for at vaskedamene på hotellet vårt i Uroa i dag får ei heilt spesiell oppleving når dei skal vaska badet på hytte nummer seks.

Ho kan seie kva ho vil.

Det var haien.

Aldri meir hai.

Heilt til slutt litt om reisefølget mitt, som er fornærma fordi dei (Ellinor) meiner at dei ikkje har blitt nevnt nok på bloggen til no.

Tante

Beklagar, tante Liv. Du har til no vore mi einaste reservetante, men no har ei ny tante entra mitt liv. Else Marie Voll er rektor på sjukepleiarskulen på Haydom, og har vore med oss på turen til no. Ho har ordna og styra, bestilt båtar og bilar og eine med det andre. Ei fantastisk dame som eg allereie har invitert på mimrekveld på Finnøy i haust, etter at ho har avslutta meir eller mindre førti år med sterkt engasjement i Afrika. Engasjementet vil nok ikkje minka når ho kjem heim.

Ellinor

Ellinor er -i tillegg til den einaste på turen som verkeleg kan kalla tante for tante sidan Else M er søster til Ellinor si mor- noko av det fremste Rennesøy har å by på. Ho er glad og smilande, og dersom ho er sur eller sjuk, sovnar ho fort. Ellinor jobbar dette året som voluntør på Haydom, og har kjærast frå Kvitsøy. Ho var russepresident på Lundeneset i 2009, og kjenner såleis både mine gode og dårlege sider betre enn mange andre. Ifølge Ellinor har eg svært få dårlege sider.

Johan

Kvitsøybu og ferjemann. Før d enne turen var det ganske lenge sidan eg og Johan hadde brukt særleg mykje tid saman – men han er og tidlegare Lundenesing. Johan er ryfylking av lynne, og me klarar oss såleis svært bra som roommates. Han blir glad når han ser båtar, og me har sett opptil fleire ferjer som me trur KAN ha vore i Norge i eit tidlegare liv. Akkurat no er han på bytur med damene, og eg må innrømma at eg er litt nervøs for om han overlever all kjoleprøvinga.

Mari

Mari er frå Bjoa, og jobbar som Ellinor – dei budde sjølvsagt saman på Lundeneset – på Haydom fram til mars. Ho påstår at eg alltid har mobba henne. Då siterer eg min onkel Ingvar: Me mobbar berre dei me likar. Og Mari er lett å lika, sjølv om ho i motsetning til Ellinor heller vil bita av seg tunga si enn å gi meg ros for noko som helst. Heldigvis for henne har eg såpass godt utvikla sosiale antenner at eg gjennomskodar hennar sarkasmer og ironiske undertonar. Vel – eg kjenner dei vel meir att enn å gjennomskoda dei . Me har ein ikkje heilt ulik måte å kommunisera på. Nemleg. Og dersom nokon på Haydom les denne bloggen: Ho har over 20 melkesjokoladar gøymt ein eller annan stad i leiligheten sin. Og ho kjem ikkje heim på over ei veke ennå.

Då var straumen tilbake, og internett fungerar cirka ti sekund om gongen. Eg prøver meg på å publisera. Eg vonar denne timen du no har brukt på å lesa dette innlegget ikkje vil framstå som totalt og fullstendig bortkasta.

Zanzibar

I det siste har eg høyrt mykje på Bjørn Eidsvåg. Han har kome ut med ei samling av det han sjølv meiner er dei beste songane hans. Med på plata er ein song som har vore sitert flittig både i Finnmark og i Bjerkreim når me sit der etter ei lakseøkt og tek ein fortjent pause frå det resultatlause fisket. Elva renn forbi, me har ro og fred i sjela, me har eit eller anna godt på grillen. Då tenkjer me på Bjørn sine ord. Tenk å ha vore der, med heile seg. Me seier til kvarandre at nå, gutar. Nå må me passa på slik at me er her med heile oss. Me må suga inn dette, slik at me har noko å flyta på når det røynar på i kvardagen. Me må hugsa dette, hugsa kjensla me hadde og gleda det ga oss.

Det indiske hav slår mot stranda på andre sida av muren. Eg drikk Sprite frå ei grøn flaske. Eg har nett avslutta ein halvtimes bad i dei blågrøne bølgene. Vatnet er vel rundt 30 grader. Me symde ut til ein av dei små katamaran-fiskebåtane som ligg på svai, og som når det er fjære ligg på sandbankane. No var det flo, og me sto ikkje i bånn.

Me ligg der ? så og seie åleine ? og flyt i havet. Inne på land driv folk frå hotellet og grev ned halvparten av ein havslange i sanden. Eg gjekk rett forbi kadaveret då eg var på veg uti ? brillelaus og målretta. Havslangen skal visstnok vera ufarleg. Eg har mine tvil. Eg hadde mest truleg fått hjerteinfarkt hadde vesenet gjort seg til kjenne ute i sjøen, der eg låg og duppa i overflata.

Eg tenkjer på Bjørn. Tenkjer at eg må passa på nå. Eg må passa på å vera her med heile meg. Eg må anga inn livet. Å vera her no ? medan snø og kulde har festa seg i fredrelandet ? gjer at det heile får eit draumaktig skjær over seg. Eg vaknar tidleg og ser sola stå opp av havet. Om kvelden badar me i solnedgang og måneskinn. Eg tenkjer tankar eg aldri har tenkt før. Joggeturar klokka seks er ikkje lenger noko avsindig berre onkel Ingvar kan tenkja seg. Eg kan og tenkja meg det. På stranda. I sanden. Førebels har tankane berre meldt seg på kveldstid. Om morgonen forstår eg at det er nok med ein onkel Ingvar i slekta.

Me bur på austkysten av Zanzibar. Landsbyen Uroa ligg like i nærleiken. Om morgonen reiser mennene ut på sjøen og fiskar, kvinnene går ut i sjøen i dei svarte kjolane sine og sankar havgras. Dette tørkar dei og sel som medisin til Asia for 80 øre kiloen. Då me gjekk tur i dag hjalp me ei av dei med å dra buntane med tare på land. Dei bind dei saman i ei snor, og dreg dei opp på land. Det var svintungt. Det bles mykje her. Det er det einaste eg kan koma på som minner om heime. Vinden er varm, og gjer at varmen på land ikkje blir trykkande. Det er som ein skikkeleg steikevarm sommardag på Finnøy. Kvar dag. Utan at eg treng å tenkja på at eg skulle ha malt huset eller slått plenen.

I går var me ein tur i byen. Trange, middelhavsbyaktige smau. Så havet. Hotella rett på stranda. Avocado til lunsj. Kun ein avocado. Orka ikkje eta meir. I dag har eg knapt nok ete meir enn eit knekkebrød. Er ikkje svolten.

Eg har gnagsår på begge litletær etter at dei nye sandalane mine viste seg å vera noko ugreie å gå i. Uvant som eg er med sandalkjøp, lærte eg meg ei solid lekse. Når ein kjøper sko, er det lurt å gå litt på dei før ein kjøper dei. Når ein kjøper sandaler, er det eit absolutt krav. Gå. Minst hundre meter. Då kjenner du kva som skjer, og ikkje minst, kvar det skjer.

Eg merkar sjølv at eg er i ein slags trance her. Eg konsentrerer meg for å vera her. Med heile meg. Eg går turar på stranda utan sko. Eg solar meg. Eg er lite på internett sjølv om det er trådlaust i resepsjonen. Eg les som ein galen. Eg et middag det tek seks timar å førebu. Eg køyrer lokalbuss inneklemt mellom 20 muslimske kvinner med lange, svarte kjolar. Eg snakkar med folk som eg veit berre er ute etter pengar, og kjøper det dei vil eg skal kjøpa, og tipsar dei i tillegg. Eg smiler utan stans. Eg er ein gladgut. Kva er det som skjer?

Sykkeltur


Knut festar på seg knebeskyttarane. Det skulle visa seg at desse glir ned akkurat når du dett, og du blir oppskrapa på kneet likevel.


Eg veit ikkje kva som ventar meg her. Då hadde eg ikkje flirt sjølvsikkert.


Punktering langt frå folk. Kva gjer det, når me har danske Per med oss? Han var ein rev på å køyra. Og på å skifta slange.


Turen gjekk gjennom ås-landskap som dette, tett jungel og sletter. Og landsbyar. Og tun. Eg tenkte mange gonger på kva eg hadde gjort dersom nokre idiotiske turistar hadde køyrt motorsykkel der eg prøvde å jaga kyr. Eg hadde ikkje vore så imøtekomande som masai-folka me traff.


Me fekk kjeft av Inger Line for at me hadde skitna ut dusjen då me kom heim. Dette står for meg som djupt urimeleg.


Her eg så trøtt så trøtt, og så mett så mett på motorsykkelkøyring. Vondt over alt. Skitten. Støv i alle kroppens hulrom. Likevel pressar eg fram eit smil. Like etter dette var me nede på hovudvegen. Eg har aldri vore så glad for å sjå asfalt.


Knut var i kjempeform då me kom ned, og gliste rundt. Stolt av seg sjølv. Med rette.


Dei velsigna gutane Sindre og Bardur tok meg med på kinarestaurant då me kom heim. Eg var så trøytt at eg såg ikkje land. Men utsiktene til kinamat gjorde at eg vart med dei. Og det må seiast: Kinamat er betre i Tanzania. Mykje betre.

Kåre-Afrika 1-1

Eg har vore på mototsykkeltur. I går var eg det. Eg fekk ikkje blogga om det då, for straumen gjekk. Straumen er forsåvidt vekke ennå, men nå kjører me aggregatet litt. Men der minkar det visst på diesel, så mi i byrjinga uforskamma gode tilgang på nett, skrantar no litt. Dette er forsåvidt slett inga ulempe, for det gjer at eg kjem i hug at eg ikkje er i Norge. For det er ikkje til å unngå at når eg sit på terrasen om kvelden og ser utover skumringa med ein kald cola i handa, så er det rart at eg her i eit anna land og på eit anna kontinent. Eg har det akkurat like bra som heime. Temperaturmessig har eg det mykje betre!

Men motorsykkeltur. Før turen hadde eg ein sterk og klar ambisjon om å koma frå det med livet i behald. Det klarte eg. 1-0 til meg. Men det må seiast: Hadde eg visst kva som venta meg, hadde eg aldri teke i veg med dette her. Me kjørte opp og ned bratte fjellsider på ein 250-kubikks motorsykkel. Eg har aldri vore borti noko slikt før. Eg hadde jo moped. Men dette var noko anna. Dette instrumentet tok jo ut i ein hendelses fart når eg vrei på gassen.

Etter ein del timar, var eg uoppmerksom og havna i eit bekkefar i vegen. Det var ikkje til å unngå at eg kom til å detta. Det var veldig likt som å stå på ski, og så koma inn i eit spor ein ikkje kjem seg ut av utan å gå på trynet. Eg datt til høgre, og fekk heile vekta på høgre skulder. Då eg la meg i går visste eg at dette kom til å bli ei smertens natt. Og det vart det. Eg motsto likevel fristelsen til å gå ut og ta paralginane Knut hadde lagt klar som nattmat til meg. Inger Line stelte skrubbsåret, og nokre timar søvn fekk eg trass alt. Likevel må eg vedgå at Afrika fekk inn ein fulltreffar på meg, og me seier at stillinga er 1-1 så langt.

Men for ein opplevelse! Ville ikkje vore utan. Mørbanka som eg er.

I dag har me teke det veldig med ro. Vore nede i byen og handla til jul. Eg fekk plukka ut min eigen julepresang, så stova mi vil no får eit noko sterkare preg av Afrika enn kva tilfellet er no. Trafikken er her er grusom. Heldigvis er Knut like grusom, og får oss fram – ofte med fråde i munnvikane i sinne over alle idiotane som ikkje kan køyra. Takk, Knut. Du er ein god vert.

Vidare i kveld blir det å få pinnekjøtet i vatn. Og så får me vona at straumen kjem tilbake. Ellers blir det skralt både med blogging og bilder framover. I tilfelle eg ikkje kjem på nett før jul: Ha ei fredeleg julehøgtid. Eg ser ikkje føre meg at julestemninga her kjem til å bli av det tradisjonelle slaget. Det er rett og slett for annleis til at det kan skje.

Arusha

Vel framme i Nairobi. Familien Indrebø møtte oss med sin utsøkte Landcruiser.


Pause under Akasie-tre. Her kom det masse folk plutseleg. Eg veit ikkje kva dei ville. Dei såg på oss. Me såg tilbake. Dei hadde hundar som eg var redd for.


Knut reinskar ut Landroveren min. Eg mista kameraet mitt, trudde eg. Det viste seg at det hadde rista seg heilt inn i bil-ramma ein stad. Fekk såvidt tak i fliken av snora. Det var bra, ellers hadde eg mått drassa på speilrefleksen over alt.


Knut prøver å fiksa hårklyper på Hanna før bytur i dag. Ho var ikkje imponert
over faren sine evner til smertefritt å setje på desse for meg framande instrumenta.


Knut har føtene på ei nisselue i stova si. Hanna skjult bak tær.


Utsika mi akkurat no.


Far og datter ventar på mat. Eg utfordra skjebna ved å kjøpa salat – stikk i strid med mor og far sine råd.
Knut meinte derimot at det var trygt. Og eg har ikkje blitt dårleg. Når det gjeld toalett og Afrika – ei kjelde til ikkje ubetydeleg bekymring for meg – har eg løyst det ved å utelukkande bruka avtredet hjå Indrebøs til no.
Dette planlegg eg å fortsetja med heilt til eg skal til Zanzibar.


Mount Meru, over 4000 moh, innhylla i skyer. Eg har ikkje tenkt meg opp dit.
I går såg eg deler av Kilimanjaro. Dei aller nederste delane. Resten låg i skoddeheimen.

Hapana hii

No er eg i Arusha. Sit på terrassen til Knut og Inger Line. Eg drikk kaffi og ser utover byen. Det er skog så langt auga kan sjå. Skog og eit par mobilmaster og nokre få hus. Men mest skog. Dei har fin utsikt, Knut og Inger Line. Inne ser ungane på Jul i Skomakergata. Passeleg absurd. Men veldig koseleg. Pinnekjøttet ligg i kjøleskåpet og ventar på å bli lagt i vatn på onsdag. Viss det då er på torsdag det er julaftan. Eg er litt usikker her eg sit og høyrer på grashoppane og tenkjer på far som har kjørt traktoren fast i snøen.

Å vera i Afrika har til no både vore overraskande og som venta. Det er mykje meir folk over alt enn eg hadde trudd. Over alt er det folk. Dei kikkar fram bak trestammer og kjem hoppande ut i vegen. Som ein eg traff i går, sa det: I Afrika får du ikkje pissa i fræ viss du stoppa biel midt ute i bushen!

Varmen er til no ikkje eit problem i det heile tatt. Eg spradar rundt i shorts og t-skjorte utan sokkar i skoa. Eg må kjøpa meg sandaler. Ingen veg utanom. Eg et avocado som har vokse ute i hagen. Eg har det rett og slett heilt fortreffeleg.

I dag laga eg middag til Indrebøane. Lasagna smakar ikkje likt som i Norge i Tanzania, sjølv om ein brukar dei same ingrediensane. Eg kunne skrive eit langt innlegg om norske vs afrikanske råvarer, men nøyar meg med å seia at afrikanarane kom svært godt utav det. Ikkje minst kjøttdeigen.

I morgon skal eg på motorsykkeltur med ein dansk motocrosskøyrar som visstnok er ant eller trei best i motocross sør for Sahara. Eg såg ikkje den komme då Knut spurte kva eg hadde lyst til å finna på her nede, men eg har tru på at det kan bli ganske kjekt. Iallefall ganske spanande. Og med på turen er Knut og naboen Peri, som eg omtrent ikkje har sett sidan han jaga meg vekk då han var leirledar på Utsyn og trudde eg var Litlemartin som kom tilbake for å herja på leiren hans. Og då er me vel tilbake heilt i byrjinga av nittitallet…

Eg skal gjera eit forsøk på å få lagt ut bilder. Førebels ser det ikkje ut til å gå, eigentleg kjem eg meg ikkje inn på weblogg.no i det heile. For spesielt interesserte kan eg avsløra at eg for å skriva dette innlegget måtte bruka ein proxy-server.

Afrika har så langt handsama meg skrekkeleg godt. Vonar det varer. No kjem myggen. Eg vil ikkje ha malaria. Eg går inn.

Samtaleemner

Eg hugsar då eg var atten år og gjekk på Bildøy. Det var få ting eg mislikte meir enn når det kom militærfolk på besøk til folk på skulen. Når militærfolka kom, visste eg kva som kom til å skje. Det blei snakk om militæret frå dei kom til dei reiste. Det fanst ikkje grenser for kor mange aspekter ved dette livet dei trudde kunne brukast til meiningsfull konversasjon. Det enda som regel opp med at dei blei sitjande og snakka til eit par jenter som tykte dei var tøffe og nokre gutar som tykte dei var både tøffe og interessante, medan eg sneik meg ut av rommet – eller dersom dei var på rommet mitt – opp på hemsen. Eg klarte ikkje å sitja der og lata som om eg var interessert i dette. Eg tykte dei var teite og barnslege og einspora.

No har eg eg oppdaga at eg har det på same måten med ein annan ting. No er det fødslar og snakk om dette som gjer at eg frikar ut. I går vart det snakk om fødslar. Det vart snakk om alle aspekt ved fødslar. Til og med gutane snakka om fødslar. Det vart rett og slett i meste laget. Eg gjekk bort til musikkanlegget og la meg på golvet med øyro inn til høgtalarane. Eg flukta inn i mitt indre, og lot dei snakka om fødslar.

Eg har ikkje noko imot fødslar. Fødslar trengst for at verda ikkje skal stopp opp. Det er dei som meiner at me ikkje føder nok, og at me berre må føda som galne for at sivilisasjonen vår skal overleva. Men eg har svært lite å bidra med på samtalefronten. Eg beklagar.

To turar

Eg har vore på fleire turar i det siste. Tunge turar, lette turar, turar som blei betre enn eg trudde, turar som var viktige. Her er litt bilder og tankar frå to veldig kjekke turar eg har hatt i det siste. Ein i Etnefjella, og ein i London.

Etnefjella – ein laurdag i oktober

Å vera tilsyn på Lundeneset er ofte ganske så triveleg. Ein laurdag laga me til fisketur til Etnefjella – og Jon Erik, Norene og Karoline silte opp for å vera med. Det skulle visa seg at eg var den einaste av oss som faktisk fiska på denne turen, men Karoline fann i det minste eit lite insekt med tjukk, svart pels som blei inngåande fotografert og studert. Det er nok kanskje det raraste insektet eg har sett.

Ein tur utan bål er ingen skikkeleg tur. Me hadde i tillegg med oss grautgryte og tresleiv. På vegen oppover samla me med oss tørre røtter og slikt, og fekk til eit rektig så dugeleg bål. Graut i solsteiken ein sein oktoberdag er til å anbefala.

Etter å ha ete graut, var det tid for å fiska. Eg tok med stanga til andre sida av vatnet, og rekna med at ungdommen snart kom etter. Då eg hadde vore vekke halvannan time, men ikkje sett noko til dei, rekna eg med at dei fiska ein annan stad. Sjokket var difor stort då eg returnerte til bålplassen, og fann ut at gjengen i staden for å fiska, hadde teikna kvarandre i fjeset med sotete pinnar, for så å stikka desse pinnane i håret. Eg kritiserte sjølvsagt dette tiltaket, for så å uttrykka eit inderleg håp om at me ikkje kom til å treffa på folk nedetter vegen. Noko me sjølvsagt gjorde. Dei fekk seg ein god latter. Men for ein tur det var! Ein strålande dag, og eg blei solbrent på skallen. I oktober. Det seier sitt, både om været den dagen og kor sensitiv hud eg har.

London – helg

London-tur er godt for kropp og sjel. Søster Dorrit og assosiert medlem av familen Erik, er gode vener. Dorrit bur i London, og var med oss kvar dag. Flott dame, flott mann. Me var fem stykk som reiste, forutan Erik var det Kjetil B, Leif Jakob og nabo Sveinung. Ein nykomponert gjeng i London-samanheng, og me hadde det skrekkeleg triveleg.

Svoger Even og Dorrit var med på Tottenhamkamp. Even fann ut at pølsene på White Hart Lane er ganske gode – og ein halvmeter lange. For tida er pølsene betre enn fotballspelet når det gjeld Tottenham. Eg gjekk frå kampen i sinne, med søster og svoger gåande ti meter bak meg. Dei lot som om dei ikkje kjende meg. Litt som meg då eg gjekk gjekk ti meter bak dei ansiktsmala folka i Etnefjella veka før…

Kjetil gjer eit heller mislykka forsøk på å skremma ein diger hest like ved Speaker's Corner. Denne dagen enda me opp på Evensong med Gordon Brown. Men me har i etterkant funne ut at det berre var me som tykte det var noko særleg kult. Folk let seg ikkje lett imponera lenger.

Det var to turar – og no har eg ikkje planlagt noko særleg til sprell før det blir ein månad i Tanzania i desember/januar. Tanken på den turen gjer at eg klarar meg gjennom den største drittmånaden i året relativt greit, trur eg. November, altså. For eit skrekkeleg konsept.