n00b

Kåre er sint og irritert. Ein søndag utan internett tek på. Han er sint på Nextnet som ikkje har kundeservice på søndagen. Men han klarer seg. Har lasta ned ein halv Heroes-sesong på laurdagen som kan sjås på ein søndag. Og han tenkjer at på måndag, då plar det ordna seg. Dei fiksar opp. Stor frustrasjon då han kjem heim frå byen og oppdagar at nettet framleis ikkje er der.

 Han finn nummeret til Nextnet.

 Etter femten minutt i kø kjem han gjennom. Dette skjer:

 kåre: eg har ikkje nett
 support: andre på din basestasjon he netth
 kåre: javel, naboen min sitt funke heller ikkje
 support: he du prøvt å restartha?
 kåre: ja, har det
 support: både router og anthenne?
 kåre: ikkje antenne
 support: Å diu må aaaaaaaaaaaaaaalltid restarta anthennå!

Så då gjorde eg det.

Ny jobb????

Overraskelsar er noko eg har eit veldig delt forhold til. Dei kan vera bra, som då mor ringte meg medan eg var Sverige ein gong og sa at eg hadde arva penger etter ein gammal onkel. Dei kan vera dårlege, som då sommaren plutseleg var over midt i juli.

Det som dukkar opp når ein googlar seg sjølv kan og vera overraskande. I dag fann eg ut at eg har fått meg ny jobb!

nyjobb

Eit år forbi

Det blir mykje Lundeneset for tida. Det er naturleg. Dei som ikkje bryr seg om deg som skjer her i Ølensvåg, kan heller gå på denne sida og sjå kor gale det er i utlandet. Eg hadde snudd i døra. For ein mann.

Uansett.

Det er på tide å gjera opp ein liten status, sidan det er kvelden før siste arbeidsdag på Lundeneset dette skuleåret.

Eg har vore her i sju år nå. Det er ganske vilt. Lundeneset er den tingen i mitt liv eg har gjort lengst. Eg har vore på Lundeneset lenger enn eg gjekk i barnehage, i barneskule, på ungdomskule, vidaregåande, var student. Her har eg vore sidan 2002. Som jo ikkje er spesielt lenge sidan. No går eg mot mitt åttande år.

Då eg kom her, skulle eg vere eitt år. Så skulle eg gjere noko anna. Men så har det gått annleis. Kvar vår har eg funne gode grunnar til å fortsetja. Eg måtte berre bli litt til. No må eg berre ta eitt år til. Det er ein sirkel eg ikkje kjem ut av.

Det som jo er det store problemet her, er at eg har innsett at eg aldri kjem til å ha ein så meinginsfull jobb nokon gong. Eg har truffe så mange folk gjennom desse åra som eg er forferdeleg glad for at eg har truffe. Eg har det rett og slett forksrekkeleg kjekt her oppe dei tre dagane i veka eg er her. Faktisk gler eg meg til det blir august att og me skal starta på an igjen.

Men akkurat no kjenner eg at det skal bli heilt ok å koma seg til øys og.

Tomt nes

Lundeneset er tomt. Det gir rom for ettertanke. I kveld tenker eg på dette:

– Eg er veldig glad mange kjem tilbake i august. Eg veit at ein skal gleda seg til sommarferie når det er midten av juni, men akkurat no ser eg litt fram til august. Og så lurar ein ny vår i mars, april. Våren er best.

– Andreas, som eg har budd med eit år no, har lurt seg til å bli saman med Annbjørg, som eg har hatt ansvaret for religionskunnskapene til dette året. Det er jo verdt å tenka litt på, reflektera over og bli glad av. Ein får tru på kjærleiken når folk som er gilde finn kvarandre.

– Eit nes utan elever er noko av det minst trivelege eg veit. Det er roleg, stille, dødt. Huff.

– Eg trur det blir ein fin sommar. Vekeveis med øyliv og husmaling, litt festivalar og holmeturar innimellom.

– Ikkje minst melder dei fint vær neste veke. Då skal eg på vestlandsturne.

– I dag reiste Solfrid og Daniel. Solfrid har vore her i fire år. Daniel i tre. Du verden som dei blir sakna.

Det var vel det eg kom på no.

Nei. Eg lurer på kven desse anonyme kommentatorane mine er.

Eg kunne godt tenkt meg

Å sitje på terrassen og brenne bål i grillen kvar kveld. For det er umåteleg kjekt. På tysdag fyller eg året igjen. Eg er i midten av trettiåra nå. Kor sjukt er ikkje det. Då skal me brenna bål i grillen igjen. Og me har fått oss sofa på altanen. Den vart berge frå Arne sitt bål av ting som har blitt sopa ut av internata i dag.

Eg likar ikkje avslutningsdagar på Lundeneset. Men i kveld har me hatt det kjekt. Rett og slett.

På G

Betyr ikkje lenger at noko er bra, flott, i orden, ikkje rotete, laina opp.

No betyr det at noko er på gang.

Vel og merke berre dersom du er født seinare enn 1988.

Dette er ein av tinga eg har fått med meg i det siste.

Det er ikkje slik…

…at eg ikkje har noko å fortelja lenger. Det er berre slik det plar vera på denne tida av året. Det fløymer ikkje over av blogginnlegg. Her er litt som har skjedd/skjer/skal skje:

Eg har feira to onklars sekstiårsdag på fire dagar.

Eg har byrja å ta bilder med minikameraet mitt igjen, og innsett at mobilkameraet mitt er elendig

Eg har vond i venstre lillefinger, uvisst av kva grunn

Eg har hatt besøk av bror Oddvar og fetter Tore i kveld

Eg tørkar klær

Eg skal køyra langt med familin Sevheim/Steen i morgon

På laurdag giftar Kjetil seg

På tur

dsc02808
Så me kom opp til Grand Canyon. Det snøa då me sto opp. Eg trudde ikkje
mine eigne augo. Men då me kom fram openberra det seg eit syn eg aldri
har settt maken til. Det var heilt vilt. Som eit glimt inn i evigheten.

dsc02810
Så kom snøen att. Rullegardina gjekk ned. Eg hadde ikke sett dette heller
for meg. At me skulle bli nekta å sjå Grand Canyon av snø. Eg hadde
heller ikkje sett føre meg at platået var høgare enn Galdhøpiggen. Med
andre ord har eg sett ny pers i dag for kor høgt over havet eg har vore.

dsc02809
Her har eg gått i to minutt frå platået til besøksenteret. Det var vilt. Andy og
Kathy lo seg ihjel av dette synet. Eg kan på ein måte forstå dei.

dsc02812
Inni hetta er Andy, trur eg. Bak han er eit av dei mest spektakulære syn i
verda. Viss det bare ikkje hadde vore for den elendige møkkasnøen.

Det har vore LITT av ein dag

dsc02787

Dagen starta som assistent i femteklasse. Først var det vakttjeneste for å sørga for at ingen foreldre kjørte over elevar. Andy med vest og walkie-talkie gjorde ein kjempejobb. Eg var dagens store nyhet, og enda opp med å synga Ja vi elsker for gjengen. Dei hadde mange – og overraskande gode – spørsmål om Norge. Og så viste eg bilder frå Finnøy. Dei er alle brennklare for å komma på Tomatfestivalen. Og så lova eg å sende dei melkesjokolade.

4070046

Så var det ut på vegen. Mellom Phoenix og Las Vegas er det fem, seks timar. Den store flaskehalsen er Hoover Dam, der eg brukte ein time på fem kilometer. Smerter. Men dei driv alttså på med å byggja denne brua her, som skal føra folk frelst over dammen i framtida. Hoover-dammen vart bygd på trettitallet,  under førre depresjon. Denne brua blir bygd i den neste. For det er liten tvil om at ein del folk her i landet slit med økonomien. Eg kjem og til å slite med økonomien. Eg kjem heldigvis til å sleppe å byggja dammar og bruer for å koma over det. Det blir nok å venta på skattepengane…

4070047

Å komma over åskammen og sjå Las Vegas liggja der var ein svært spesiell følelse. Eg byrja svetta i hendene, og fekk frysningar på ryggen. Det er ein av dei mest berømte byane i heile verden, dette. Ein av dei mest sagnomsuste, legendariske og myteomspunne byane. Og no var eg altså her. Å koma inn til hotellet gjekk greit, sjølv om eg var farleg nær å forårsaka ein relativt kraftig trafikk-kork rett utforbi avkjørsla inn til parkeringa.

dsc02792

Eg bur midt på stripa. Og det er heilt sjukt. Det er mykje meir styr enn eg hadde sitt føre meg. Mengder med folk og svære bygningar og hendelse. Casino over absolutt alt. Eg er glad eg har fått ein god oppdragelse, og lært at det er nok å bruka fem kroner på pengeautomaen på Finnøy-ferja. I kveld har eg ikkje brukt pengar på anna enn middag og dessert. Middag og desserten kosta derimot flesk. Eg forstår at dei må ta seg betalt når eg ser kva bygningar dei har. Det er heilt sjukt og vilt og avsindig.

dsc02796

Hotellet mitt. Ein liten del av det. Eg bur ein halv kilometer lenger innover. Amerikanerane har det med å gi meg ok hotellrom. Denne gongen er det snakk om nærmare hundre kvadrart. Med stove. Første gong eg har hatt hotell med stove. I morgon blir me tre til å dela. Då får eg nemleg besøk. Det må seiast at det er strålande. Å få besøk i Las Vegas er ikkje noko alle opplever.

dsc02798

Naboen. Bellagio er hotellet eg eigentleg skulle bu på. Eg gjekk imidlertid i vente for lenge-fella og havna over gata. Eg angrar ikkje. Bellagio har fontene-orgel. Elton John fontene-orgel. Det høyres grusomt ut, men er rett og slett spektakulært. Eg skal bort i morgon også. Dessverre er det ikkje pene damer eg får besøk av. Det hadde forresten ikkje vore noko problem å få tak i damer ein kan sjå på fontener med. Dei kan nemleg bestillast via tv på rommet. Eller frå folk som står på gata og deler ut kort med nakne damer og telefonnummer. Eller berre rett og slett plukkast opp kvar som helst.

Eg er verkeleg glad eg har fått ein god oppdragelse.