Tre dagar i veka er eg lærar. Eg jobbar på ein skule, eg treff folk som er fødde på nittitalet og som ser dumt på meg når eg snakkar om Gro Harlem Brundtland. Eg seier utruleg mykje som ikkje bør seiast. Eg går eigentleg og ventar på å bli kalla inn i eit rom der heile skulestyret sit og seier at no, Vignes, no har du trakka over streken. Ironi og sarkasme høyrer ikkje heime i skulen, du lyt vera grei og reisa heim til den øya me diverre henta deg frå for seks år sidan.
Det har ikkje skjedd ennå.
Eg er skrekkeleg glad i lærarjobben min. Eg er skrekkeleg glad i lundenesingane. Det er eit privilegium å få vera med desse folka. Dei gir meg stor glede og inspirasjon. Og min måte å visa kjærleik på, er som kjent å vera syrleg, barnsleg, lite imøtekomande samt storkjefta.
Somme tider seier eg ting som eg ikkje tenkjer meir over, men i dag kom eg med eit utsegn som har fått meg til å tenkja. På meg sjølv og mi eiga tid på vidaregåande.
Ei av jentene blei småplaga – godmodig sjølvsagt – av ein av medelevane sine. Eg sa at ho måtte berre slappa av. Etter vidaregåande mista ho kontakten med alle dei ho gjekk i klasse med uansett, og dei fekk ingen betydning i livet hennar. Sa eg. Og meinte det sjølvsagt ikkje. For slik er det ikkje for dei som går på internatskule. Dei heng saman, dei. Dei blir vener for livet. Ser det ut for.
Det blei ikkje eg. Det eg sa, stemte for meg. Det var meg sjølv eg snakka om. Eg har ingen vener frå russeklassen min på vidaregåande. Ingen eg omgår og som eg besøker i helgene. Mange har eg gløymt navnet på.
Eg hugsar nokre. Ronny traff eg i fjor på eit hjartestartarkurs. Eg var litt med Odd Einar. Har ikkje peiling på kva som skjedde med han. Me hadde Raymond, me hadde Geir, me hadde Ole eit eller anna. Han hadde skinnjakke og var visstnok kul. Me hadde Espen som var saman, om ikkje sambuar, med Anita. Som var pen. Men altså saman med Espen. Me hadde Stian, som var flink i fotball, me hadde Knut Arthur som var tøff og herja. Trygve var der og ein som heitte. Han krasja på moped, men overlevde. Beate var og pen, men var saman med ein som me tykte var aldeles sjokkerande gamal. Han var yngre enn eg er nå. Mykje yngre, trur eg. Så hadde me ein haug med folk som eg ikkje hugsar navnet på. Eg snakka lite med dei. Ben Pollard – jørpelandsk engelskmann – var eg ein god del med. Og ein frå Fister eller Randøy. Og Vincent. Anne eit eller anna. Herlighet.
Det er så lenge sidan. Det er 1994. Førsteklassingane på Lundeneset hadde ikkje slutta med bleier eingong. Ikkje andreklassingane heller. Og – om eg ikkje tek feil – faktisk ikkje ein heil del av tredjeklassingane. Men dei var i det minste fødde. Blir eg lengre på Lundeneset, byrjar dei snart å ha foreldre på min eigen alder. I teorien kan det allereie ha skjedd. Livet er herleg. Som bror min ville sagt.


