Sjokk

Det første eg tenkte var: Så det er slik det kjennes ut. Eit massivt hjerneslag. Alt går i oppøysning. Totalt sjokk.

Så var det berre vondt. Eg trudde nokon på apoteket hadde gitt meg maursyre eller verre ting.

Så hadde eg berre kjøpt nasespray med mentol.

Aldri gjer det.

Kven skal eg poka i dag?

Eg er åleine på kontoret. Eg overset Ryfylkespelet til engelsk.

Eg har poka Lise og Maria.

Dei hadde poka meg, og eg poka tilbake. Eg trur det er lenge sidan dei poka meg, men eg er sanneleg ikkje sikker. Poke. Poke, poke. Dette engelske ordet som har invadert kvardagen til dei av oss som av ulike grunnar er på Facebook.

I engelskordboka mi står det haugar og lass om poke. Det kan bety så mykje, men først og fremst betyr det å dytta elller pirka i noko eller nokon. Til dømes kan det bety å dytta til nokon på ein venleg og skøyaraktig måte. Slik sett passa det godt å poka Lise og Maria. Me er vener, og me er skøyaraktige. Og det er ingen fare for at eit poke skal bli oppfatta som noko meir enn eit poke. For somme tider kan det vera akkurat det. Meir en eit poke.

Difor sit eg her og lurer på kven eg skal poka i dag.

Det er nok best å lata det vera.

Kjeft av onkel

Nei. Det er ikkje onkel Ingvar det er snakk om. Heller ikkje Geir eller Arne. Vent og sjå. Men ikkje forvet spektakulære historier.

For to år siden lot eg meg overtala til å bli fotballformann i Finnøy IL. Grunnen til at eg svara ja til dette, var at det var Elin som spurde meg. Elin. Min einaste venn dei sju, åtte første åra av mitt liv. Eg kunne ikkje seia nei. Ikkje minst sidan ho skulle vera med i styret sjølv. Me skulle få det gildt, lova Elin. Og me hadde gode folk med oss, sa ho. Elin hadde rett. Me fekk det gildt. Og me hadde skrekkeleg gode folk med. Likevel må det seiast at det tidvis har vore mykje stress og arbeid med dette vervet. Og no har det altså ført til at eg fekk kjeft av onkel.

For ei stund sidan fann Idrettsforbundet ut at alle som driv som trenarar eller støtteapparat for ungdom må ha politiattest på at dei ikkje har vore innblanda i overgrep. Dokumentasjon på fravær av straffeforfølging er ingen garanti for at overgrepsfolket snik seg inn i barneidretten, men det er eit tiltak det skal ganske mykje til å ta til motmæle mot. Så nå må alle mødre, fedre, søsken og andre som er engasjerte i Finnøy IL til med å fylla ut søknadskjema om politiattest. Då veit me i det minste at ingen som er dømt for overgrep har verv i laget. Flott. Me vil ha eit overgrepsfritt idrettslag. Det er ikkje alle som har vore velsigna med det oppigjennom åra.

Som fotballformann er det min jobb å samla saman desse arka med søknad. Det har tatt si tid. Då fristen for å levera gjekk ut til jul, hadde halvparten levert. Då neste frist gjekk ut, hadde halvparten der igjen levert. Eg byrja å slita. Eg sende ut ein litt sint purremail før eg reiste på nyttårsferie. Det hjalp på. I dag var eg og leverte ei bunke med søknadar. Til onkel politi. Viss det skulle vera nokon som ikkje har oppfatta det ennå. Det var nemleg der eg fekk kjeft. Eg fekk kjeft av politiet. For eg var for sein med å levere inn.

Når elevane mine er for seine med å levere inn, klarar dei ofte å snu på problemstillinga, slik at det er EG som føler meg som ein tosk som har pålagt dei dette (strengt tatt unødvendige) arbeidet.

Når politiet kjeftar på deg, skal det ganske mykje til for at du ikkje legg deg flat på golvet, og kryp ut av kontoret. Eg har iallefall svært liten forståelse for dei som driv og kastar stein på politiet og let ungar gå føre seg i demonstrasjonstog.

Men det er ei heilt anna sak. Og eg vil ikkje ha galne Hamas-venner rekande på bloggen min. Eller Finn Jarle Sæle, for den saks skuld.

Mobildød

Mobil 1. Motorola. Kjøpt i 2000. Slutta ikkje å fungera, men var bedriten på alle måtar.

Mobil 2. Nokia. Heilt ok telefon, hugsar ikkje kva tid eg kjøpte den. Ikkje lenge etter at eg kjøpte den første, iallefall. Jau. Eg kjøpte den brukt av ei dame på Forus. Slik var det.

Mobil 3. Kjøpt på QXL. Den virka ikkje, og var operatørlåst. Då eg prøvde å koma i kontakt med selgarsvinet, viste det seg at vedkomande hadde oppgitt fiktive kontaktdetaljar. Eg gadd ikkje stressa for å få hundrelappane tilbake, men bestemte meg for å ikkje bruka QXL igjen, nokon gong.

Mobil 4. Liten, blå og hendig Nokia. Slutta å bruka den då eg fekk ny av mor og far. Mor overtok den. Nå er den ikkje til å lita på lenger, men kan brukast i ytterste nødstilfelle.

Mobil 5. Skifta så til Sony Ericsson. God mobil. Hadde han i fleire år. Så slutta den å fungera, og eg måtte ha ny. Trur dette er den eg har hatt lengst.

Mobil 6. For første gong brukte eg over tusen kroner på ny mobil. Ein Sony Ericssson med godt kamera og robust utforming. Ikkje robust nok, skulle det visa seg. På holmetur i sommar låg den i lomma på buksa mi då eg skulle skifta til shorts. Eg kom til å trakka på buksa, med full tyngde, noko mobilen ikkje overlevde. Skjermen fungerte ikkje, og eg reiste heim frå holmane sur.

Mobil 7. Eg kjøpte nesten lik den gamle, berre ein litt nyare modell. Sjølv om folk eg kjenner som hadde lik, sa den ikkje var noko særleg. Eg ville eigentleg ikkje ha han heller, men det var den einaste dei hadde på heile Haugalandet som ikkje var operatørlåst til anna enn Telenor. Og eg har Netcom og ser ingen grunn til å skifta.  Etter nokre veker mista eg mobilen i do. Det såg ille ut, men han kom til hektene att. Einaste ulempa var at mobilen etter doturen brukar mykje meir batteri enn ein vanleg mobil. Eg går som regel tom i sekstida. Plagsomt. Vel. Ikkje no lenger. For i dag, på veg inn i bilen, hendte det noko. Mobilen datt ut av genseren min og ned i singelen utføre huset mitt. Det stormar og bles i dag, så denne vesle hendinga fekk eg ikkje med meg. Eg la ikkje merke til at eg ikkje hadde mobilen før eg var byrja å kjøra, og rekna med eg hadde gløymt han heime. Dette viste seg å ikkje stemma. Mobilen låg i singelen.

Det interessante er at mobilar som eg har trakka på, og mobilar eg har køyrt over med ein Mitsubishi, ser akkurat like øydelagde ut, og oppfører seg på nøyaktig same måte.

Dersom nokon treng å kome i kontakt med meg, send mail.

I dag har eg

Vore trøtt
Sett Dalziel og Pascoe heilt åleine
Hatt besøk av Lars, Leif Jakob, Oddvar
Støvsugd nesten heile huset
Vore på Prix Steinnesvåg
Kvilt middag på sofaen og høyrt Her og nå
Ete middag med mor, far, mormor, Oddvar
Vore innom Leffy og Ingvild og teke ein kopp kaffi og sett på den nye kunsten deira.
Vore i møte med Norsk Plan og Hesbynett for å laga ny Ryfylke.no
Slept meg ut i bilen for å kome meg på jobb
Vantru innsett at klokka var nesten halv åtte
Vore i fengsel, og sluppe ut ei veke før tida.

Kjære Sverige

Eg finn det nødvendig å skriva dette brevet til deg etter helga som har vore. Eg var veldig spent på korleis det skulle gå, eg har aldri vore toastmaster for svenskar før. Og det var ikkje måte på heller, med svenskar som skulle komme i dette bryllupet. Eg var sterkt nervøs. Men den skal du ha, Sverige. Svenskane er hyggelege folk. Det var slik ein velvilje og god stemning at eg allereie har prøvd å få fleire oppdrag der borte. Fantastisk bryllup med vakre mennesker og dyktig medtoastmaster Daniel.

Uddevalla er og ein hyggeleg by. Ei sjarmerande gågate med det ein nordmann treng av butikkar for å finna ut at Sverige er billigare enn Norge. Men slapp av, Terje. Eg kjøpte ikkje kjøt frå EU.

Det einaste eg har å utsetja på helga, er dette med nødvendigheten av å ha fotoboksar ståande heilt nederst i bakkar som ein kan nytta til å smetta forbi semitrailarar i. Er det verkeleg nødvendig å plassera desse boksane slik at ein, etter å ha ha kome seg forbi traileren som har laga kø dei siste ti minutta, blir knipsa i same augneblink ein endeleg er over i sitt eige felt att? Eg tykkjer det er på grensa til rein vondskap. Og eg skal ikkje nekta for at det har vore årsaka til ein del irritasjon dei siste dagane.

Eg har freista finna ut korleis det ligg an med fartsbøter i Sverige. Sjølvsagt har dei nett heva satsane. Trøysta får vera at ein har ein viss mulighet til å sleppa unna, dersom været er så dårleg at bileta blir utydelige. På den andre sida har eg unekteleg kjørt for fort, og både bror min og far min vil meina at det var på høg tid at eg fekk svi for den toskaskapen det er å bryta fartsgrensa.

Så får me sjå då, om lensmannen ringer meg og seier dei har fått brev frå deg, Sverige. Med bilde av ein noko forfjamsa bloggar. I hundre. I nittisona.

Snakkes.

– K

Aktiviteter

Sist veke var det plutseleg fint vær. Ein dag etter middag fekk eg det for meg at eg ville gå tur. Til Ølensvåg. Eg har aldri gått tur til Ølensvåg før. Det er tre kilometer dit, noko som er ganske langt for ein finnøybu. Seks kilometer att og fram, det er nesten til Judaberg frå Vignes. Ein går ikkje slike strekningar. Ein brukar motoriserte ting.

Men onsdag i førre veke bar det avgarde. Med på turen var Jon Magne og Solfrid, to ungdomar eg tek meg av for tida. Dei er miljøarbeidarar på Lundeneset, og har gått frå å vera slaskete elevar til å bli betrudde medarbeidarar.

dsc02238
Turen har starta. Me fann eit eple på vegen, og bestemte oss for å sparke det framføre oss for å sjå kor lenge det kom til å vara. Det varte overraskande lita tid, det smuldra inn til denne vesle biten etter få hundre meter.

dsc02239
Vel framme på Statoil. Trass i at dei ser glade og nøgde ut her, var Jon Magne på dette tidspunktet på utkikk etter Lundenesfolk han kunne haika med heim att.

dsc02240
Glad og nøgd bloggar. Men me smiler ikkje på bilete. Det får vera grenser.

dsc02241
Kakao på Statoil. Takk til Mari for fotografering.

dsc02242
Drikking av kakao på benkene ved brygga. På dette tidspunktet gjekk to ting opp for oss: At me hadde det svært hyggelig. Og at me ikkje kom til å få meir gjort denne kvelden på grunn av dryg tur.

dsc02243
Ein stor augneblink for meg og Jon Makne. Me er ikkje kakemenn, nokon av oss.

dsc02244
Tilbake på Neset. Tidsbruk: Nær tre timar. Effekt: God teambuilding. Gjentakelsesfare: Ekstremt stor.

Det er…

…..deprimerende mange som gifter seg for tida.
– Erik Lunde.

Word.

dsc01917
Torben og Ingrid

dsc02158
Nils Atle. Og Mari. Men ho er ikkje på bildet. Beklagar, Mari.

dsc02236
Eivind og Ellen Maria.

dsc02256
Og nå i helga: Axel och Yngvild.

Kvinnfolk

I dag er eg tilsyn. Eg byrja med å hissa på meg halve skulen fordi eg ikkje åpna matsalen før klokka tre til middag. Det enda med at elevane storma inn i matsalen og nærast brukte meg som dørmatte.

Så drakk eg kaffi.

Så gjekk eg forbi daglegstova. Der inne sat ein gjeng og såg på fjernsynet utan å ha antenna på. Skjermen var full av snø. I min godhet gjekk eg inn og foreslo eit slag maxiyatzy.

Her er det som skjedde.

Sjokk nummer ein for dei var at eg kom dragande med maxiyatzy. Hæ? MAXIyatzy? DET e jo dødskjedeligt. I all verden. Så ville dei ikkje bruka bongane. Kva er det som feilar folk? Når eg så insiterte på at det ikkje fins noko som heiter tvungen i Maxiyatzy,var det slutt. Dei nekta å spela fritt. Det går ikkje an. Folk er galne. Som om ikkje dette er nok, nekta dei å bøya seg då eg kjørte Kjetil Berge-trikset med å nekta å vera med dersom dei ikkje ville spela etter mine reglar. Eg trakk meg unna, om enn ikkje stille. Kva anna kan ein eigentleg venta seg når ein skal spela med to damer frå Rennesøy?

No sit dei her og spelar. Men dei kom ikkje lenger enn til runde nummer to før det vart meir sjau. For ho eine insisterte på at det er lov med fem kast når ein kjem til yatzy. Så no sit dei her. Og les reglar. I staden for å la meg bestemma.

Verda er sjuk.