Eg er verkeleg glad eg har fått ein god oppdragelse.
Eg er verkeleg glad eg har fått ein god oppdragelse.

Nathan og Andy Vigness. Flotte menn.

Hovudgata i Tempe. Små fortausrestaurantar og hyggelege små butikkar. Ikkje typisk amerikansk i det heile. Gata ligg midt i området til universitetet. Det største i USA.

Kåre og Phoenix. Me kjørte opp på eit fjell, og såg utover heile dalen. I dette området bur det fleire folk enn i heile Norge. Det er ganske vilt.

Me er berre to timar frå Mexico. Me lurte på å ta ein tur over, men me kuttar det ut fordi folk driv og drep kvarandre der nede for tida. Narkotikakrig. Det er liksom ikkje det ein har lyst til å rote seg borti.
I morgon skal eg først vere lærar-assistent i ein fjerdeklasse, for så å køyra opp til Las Vegas. Dei eg har snakka med på nettet i dag har vore bekymra for to ting: At eg skal spela vekk alle pengane mine, og at eg skal gifta meg. Dette med pengane kan eg forsåvidt forstå, men kvar kjem skrekken for at eg skal gifta meg frå?
Uansett. Her er det fantastisk. Shorts og t-skjorte. Tjuefem grader. Solkrem. Og hundane og eg er gode venner.
Så eg reiser litt for tida. I dag er det søndag. Torsdag for halvanna veke sidan reiste eg til Chicago. Chicago var ein enorm opplevelse. Å koma gjennom skyene over Lake Michigan og sjå dei enorme bygningane, små som legoklossar, langt der nede. Plasser som berre har vore kart og tankar i hovudet. Chicago. Reis dit, dei som kan. Så fire dagar med amerikansk midtvesten-småbyliv hjå familien Eide. Ein kvalitetsgjeng. Etter dette opp til Minneapolis. Eg fekk det største hotellrommet eg har fått nokon gong. Eg vart mørkredd. Ingen veggar, berre eit stort, tomt mørkre.
I går reiste dei andre heim, eller vidare i USA. Eg var åleine i Minneapolis. Eg reiste opp til sentrum, der eg berre har kjørt buss før. Eg gjekk nedover, og langt om lenge kom eg dit eg hadde planlagt å ende opp. Eg gjekk inn på ein kombinasjon av bar, restaurant og bowlinghall. Der traff eg fire hyggelege folk som jobba i ein organisasjon for MS-råka. Ein interessant og hyggeleg kveld vart runda av med at dei kjørte meg til togstasjonen etter å ha fått meg til å forsikra dei om at eg ikkje var ein galen, psykopatisk mordar.
Då eg kom tilbake til hotellet, vart eg sitjande og tenkja. Eg skulle reise lenger vekk i dag. Lenger vekk enn eg nokon gong har vore frå Finnøy. Eg klarte ikkje heilt å forstå at eg skulle vidare, og var litt smågretten der eg traska rundt på dei sytti kvadratmetrane.
Men no er eg her, då. I Tempe, Arizona. Den hyggelege og småpene delen av Phoenix. Eg er hjå Andy og Kathy. Dei var på Finnøy sommaren for to år sidan. Andy sin oldefar var bror til min bestefar. Klokka er ti på elleve her nå. Heime er ho ti på åtte. Eg er langt heimefrå. Likevel ligg ein annan Vignes og søv i rommet på andre sida av huset. Og i stova luskar tre hundar rundt. Eg vågar ikkje gå på do i natt.

Eg er skuletrøtt. Eg innrømmer det. Seks timar med skule. At folk maktar det, dag etter dag. Eg tykkjer det er godt gjort.

Bloggande Kåre. Foto: Helge J. Stautland.
Eg har vore elev i dag. På Decorah High School i Iowa. Eg har vore med i klassar og høyrt på lærarar og elevar. Kjekt! Og så blir eg drita trøtt av det. No sit eg og Helge på Magpie Cofee House og drikk kaffi og avtrøyttar oss. Helge gjeispar. To lærarar. Seks timar med undervisning, og me er totalt skutt. Dette gir oss verdifull innsikt i elevane våre sin kvardag, og det er vel det me skal få på ein studietur?
Då¨eg gjekk på vidaregåande hadde eg store problem med å halda meg vaken. Eg duppa av av og til. Då eg gjekk på høgskule, sovna eg og frå tid til annan i timane. Å sovna i ein time på amerikansk skule, var ikkje noko eg hadde lyst til å gjera. Så eg haldt meg vaken. Dette har ført til at eg no veit mykje meir om organ-donasjon. Og om korleis dei lagar årboka si på skulen. Og så har eg funne ut at økonomien er noko eg ikkje forstår meg på. På ingen måte forstår meg på.
No får me vel ut og gå litt i byen. Trur eg må heim og sova litt snart.
Kva? Er klokka berre halv ni? eg har jo knapt nok sove. Eg kan umulig stå opp no. Sjølv om det ville betydd at eg fekk nytta dagen. Men det er søndag. Eg må jo sove litt til. Herlighet.
Jahaja. Klokka er elleve. Då når eg uansett ikkje å gå på Emmaus og høyre Kjell Morten synge. Eg står snart opp. Straks. Berre litt til. Det er trass alt ganske tidleg ennå. Til søndag å vera.
Klokka halv ett. No er det på tide. Komma seg opp, nå. Men eg må jo ha morgensurfen først. Kvifor viser ingen Viking-Rosenborg på webtv? Eg orkar ikkje reisa til byen i dag. Eg vil sjå Viking. Eg får ikkje sett dei før etter påske. Nei. Eg kan ikkje. Eg må retta engelskprøvar.
Klokka halv to. Kva i huleste var det som skjedde her? Jaja. Det er framleis lenge att til det blir mørkt. Det er visst sol ute.
Edit: Klokka er ti over halv tre. Eg har ete frukost. Livet går vidare. Kjetil ringde. Me vart enige om å ikkje reisa på Viking-kamp. Har me blitt gamle og late?
Klokka er nesten fem. Kjetil har akkurat gått. Eg sa han måtte ringa når han kom heim, slik at eg visste han ikkje låg i ei grøft. Me har nemleg fått uvær. Heilt plutseleg. Me sat og spela, timane gjekk, dei andre gjestene var forne for ei stund sidan. Og så viste det seg at me har fått uvær. Det høljar ned, og det bles. Regn på ruta, piskande, knaking i hus, hendelse. Og altså så seint at om det hadde vore sommar nå, hadde det vore lyst for lengst. Hadde det vore tidleg juli, hadde det vore perfekt å gå ned i elva og prøva å få seg ein morgonlaks. Eg må slutta å tenkja på sommaren. Det gjer meg galen.
Eg har hatt besøk i kveld. Me har spela kort. Etter at alle andre hadde gått, vart eg og Kjetil sitjande og snakka. Om damer, sjølvsagt. Det er alltid interessant å høyra perspektiva til folk som lukkast på denne fronten. Og Kjetil er ein mann som lukkast. Han traff ho han skal gifte seg med då dei var forlovarar i bryllup. Han kan dette med damer. Han skal gifta seg i mai. På Sunnmøre. Blant fuglefjell og fjord.
Saman har me no funne opp eit nytt begrepsapparat rundt dette med damer. Å gi full gass, fører ofte til full stopp. Og ved tilstrekkeleg høg fart, følger alvorlige skader med. Å køyre rett inn i ein fjellvegg i 80 kilometer i timen vil ta knekken på sjølv dei mest hardføre av oss. Difor, meiner me, kan det vera lurt å roa farten ned litt. Ikkje gi full gass. Halde seg i gåtempo. Om ein krasjar inn i sjølv den hardaste betongvegg, gjer det ikkje så mykje om farten er låg nok. Er ein heldig, slepp ein unna med ein ny støtfangar og litt lakk.
Så eg trur eg held meg der. I ein kilometer i timen. På den måten er det og mulig å gå ut av bilen og springe fortare. Om det skulle trengast.
Eg har gjødsla plenen i dag. Eg kjørte til Judaberg, kjøpte gjødsel av Anders, og gjødsla plenen. Med pelettert hønsegjødsel. Det førte til den obligatoriske klaginga frå nabo Lars. Pelettert hønsegjødsel luktar nemleg ikkje særleg godt. Men eg tenkte – kvifor ikkje få driten ut nå, når me ikkje er ute likevel? Det er jo verre at det luktar ille når våren kjem for alvor og me vil springa rundt på plenen? Dessutan: Dette er min måte å tvinga våren fram på. Nå har me hatt tre veker med snø og kulde. No tvingar våren seg fram. Eg tvingar våren fram. Med pelettert hønsegjødsel.
Ferjemann, ferjemann
Ein skulle ikkje tru at det gjekk an
Å skulda på meg og min kalde bil
Fordi eg står i heilt feil fil
Eg spurde jo han
Den andre ferjemann
Han sa eg fekk stå
Til venstre, men så
Kom du der og vifta
Humøret forgifta
Eg kom meg av
For eit navla kav
Det er seint på kvelden. Eg er åleine i huset.
Det er seint på kvelden. Eg er åleine i huset.
Kåre er åleine.
Kåre er åleine.
Han var på Grosvold i kveld, Lars. Det var han som skreiv om hjernen som er åleine. Men det er Seigmen som har den beste versjonen. Og så kom eg på at denne songen passa godt på meg i kveld. For eg er åleine i huset. For første gong i år omtrent. Tore har reist tilbake til Bergen. Tilbake har eg litt brokkoli, ei nesten oppspist ostekake og fem bæreposar med søppel. Takk, Tore. Det var gildt så lenge det varte.
Så no er eg åleine.
Lurer på kva alle dei andre gjer?
Eg veit at Oddvar, Kjetil og Kjell Morten er på weekend. På Stavtjørn. Eg var på min første Stavtjørnweekend før flesteparten av dei folka eg omgås med i det daglege var fødde. 1988. Du verda eg hugsar det som om det var i går. Ei ny verd åpna seg. Eg fekk vera på tur med dei tøffe. Dei som betydde noko. Eg fekk gå i tunellen og halda jenter i handa. Trur eg. For det var jo så mørkt der inne at me såg lite.
Eg veit at Erik sit på nett og har lite å ta seg til han og. For me snakkar på msn nå. Han er mest truleg åleine han og, om enn ikkje i huset. Erik har leilighet.
Lars er ikkje åleine. Han er heime med to ungar som kan byrja skrika kva tid som helst. Dette veit eg, for eg var hjå han ein time før i kveld. Og eg har ikkje sett at kona hans har kome heim. Lars og Anita er naboane mine. Eg ser rett inn på kjøkkenet deira. Dei ser rett inn i stova mi. Det går heilt greit. Me oppfører oss.
Mor og far er heime. Det ville overraska meg om dei ikkje er det. Mor har lagt seg, far har sovna i godstolen. Han vaknar snart, og så går han og og legg seg.
Dorrit og Even er vel ute på eit eller anna spanande som ektepar i byen er ute på på fredagar. Eller så har Dorrit sovna på sofaen medan Even ser film.
Lise er i Frankrike. Ho har sikkert vore på kino med to venninner, og no sit dei og drøsar om filmen dei såg. Eller ho et sjokolade. Slik fransk sjokolade som Dorrit sel på cafeen sin i Stavanger.
Mormor er hjå tante Dagrun.
Per og Irene er tilsyn. Dei får ikkje lov å leggje seg på mange timar ennå.
Tor Øyvind er i London. Det kunne eg og vore.
Leffy er heime og gruar seg til å stå opp halv åtte. Synd eg skal vera med han. Me skal til Hjelmeland. Heile dagen.
Tore er sikkert med Torill.
Jon Magne driv og legg ungar. Iallefall gjorde han det før i kveld. No har han sikkert sovna på sofaen, for han sto tidleg opp idag.
Linda trur eg er i Bergen. Ho var på nett før i kveld, men no er ho søkk vekke. Ho er nok ute og svingar seg, skal du sjå.
Kjetil er i Oslo med Ellen Marie og har eit lite søskenbarntreff. Heilt sikkert hyggeleg.
Og eg er åleine. I kveld sit eg her.
Tanken på at eg kanskje ikkje skal vera det resten av livet er eigentleg ganske rar. Tenk om det plutseleg kjem nokon her, og som blir verande.
I morgon skal eg vera med folk heile dagen og heile kvelden og kanskje natta med. Det blir fint.